Eldreråd

Eldrerådet er eit rådgivande organ for kommunen. Rådet skal få alle saker som gjeld levekår for eldre, til behandling. 

Kari Grindvik er leiar og Jarle Refsnes nestleiar i eldrerådet (ER).

Sjå medlemmar, møteplan og dokument for rådet.

Alle saksdokument skal bli lagt fram for rådet i god tid før kommunestyret behandlar sakene.  
Eldrerådet kan sjølv ta opp saker som vedkjem dei eldre i kommunen. Saker som gjeld enkeltpersonar skal rådet derimot ikkje behandle. 

Rådet har mynde slik det går fram av vedteke reglement for rådsorgana.

Eldrerådet skal ha 9 medlemmar og 11 varamedlemmar valde i rekkefølge. 

Regjeringa har laga ei omfattande rettleiing for eldreråd.