Ordførar og varaordførar

Det er Eva Vinje Aurdal (Ap) som er ordførar i Ålesund kommune. Etter kommunestyrevalet i haust, vart Håkon Lykkebø Strand (FrP) ordførar, men tek ikkje over vervet formelt sett før ved årsskiftet. 

Vanlegvis ville den nye ordføraren ta over like etter valet. På grunn av kommunedelinga, der dagens Ålesund kommune blir avvikla og erstatta av to nye kommunar, er situasjonen litt annleis. Det var for desse nye kommunane ein hadde val i haust, og Aurdal er derfor framleis ordførar i dagens kommune fram til den er avvikla.

Det er nokre avgjerder som må bli tatt av det påtroppande kommunestyret allereie før nyttår, og då er det Lykkebø Strand som har ordførar-rolla. 

Ordføraren leiar møta i kommunestyret og formannskapet. Ordføraren har møte- og talerett i alle kommunale organ, men har berre stemme- og forslagsrett som vald medlem.

Ho er rettsleg representant for, og skriv under på vegne av kommunen i alle tilfelle der mynde ikkje er tildelt andre.

Ho kan avgjere saker som ikkje er prinsipielle og som kommunestyret har gitt fullmakt til.

Varaordførar

Vebjørn Krogsæter (Sp) er varaordførar i dagens Ålesund, og vert ordførar i Haram kommune etter nyttår. 

Monica Molvær (H) vert då varaordførar i Ålesund kommune.