Meddommar i Ålesund

Ålesund kommune skal i løpet av våren 2024 rekruttere nye meddommarar til tingretten, lagretten og jordskifteretten for perioden 2025-2028. Vi skal også foreslå skjønnsmedlemmer til Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Korleis bli meddommar?

Vil du bli meddommar, eller skjønnsmedlem? Då må du innan 5. april melde di interesse ved å fylle ut dette skjemaet.

Kva gjer ein meddommar?

Meddommarar eller lagrettemedlemar er vanlege innbyggarar som er med på å ta avgjersler i rettssaker. Som meddommar kan du rekne med å verte innkalla ein til tre gongar i året. Dei fleste rettssaker varer frå ein til tre dagar, men enkelte saker kan vare lenger.

Vervet som meddommar er ei samfunnsplikt, og til vanleg får du fri frå jobb for å utføre vervet. Om du taper arbeidsforteneste vert det gitt erstatning for det.

Kven kan bli meddommar?

Meddommarar blir valde av kommunestyret for ein periode på fire år. Skjønnsmedlemmer blir valde av fylkestinget for ein periode på fire år.

Vi ønsker mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uavhengig av alder, kjønn, etnisitet og funksjonsnedsetting.

Ålesund kommune pliktar å undersøke om du fyller vandelskrava.

Sjå domstollova § 70-72 om vandel og andre krav til dei som kan veljast 
 

Sjå video om det å vere meddommar

 

Lurer du på noko?

Ta kontakt med politisk sekretariat dersom du har spørsmål om vervet eller til valet av meddommarar. Send ein e-post til politisk@alesund.kommune.no, eller ring 70 16 20 22.

Meir informasjon finn du på domstolane si heimeside.

Har du spørsmål som gjeld vervet ta gjerne kontakt med politisk sekretariat politisk@alesund.kommune.no.

Møteplikt

Alle som står i utvalet over meddommarar og som blir trekt ut til å gjere teneste i ei sak, har møteplikt. Denne plikta gjeld med mindre du uttrykkjeleg blir friteken frå møteplikta.

Arbeidstakaren har i utgangspunktet rett til permisjon dersom dette er nødvendig for å oppfylle møteplikt i offentlege organ. Dette er regulert i arbeidsmiljølova § 12-13. 

Skikk og bruk i retten

Det vil bli lagt merke til kva du seier og gjer i ein rettssal. For å halde oppe tilliten til retten si avgjerd er det viktig å opptre nøytralt i og utanfor rettssalen. Gjennom normal fin kledning og eit nøytralt kroppsspråk i retten, viser du som meddommar respekt for partane og alvoret i situasjonen dei er i.

Få praktisk informasjon om skikk og bruk og les meir om rolla som meddommar på nettsidene til Noregs domstolar: Meddommar | Norges domstoler

Lønn og dekking av reisekostnader

Du har vanlegvis krav på honorar for arbeidet som meddommar. 

Dersom du ikkje er i eit tilsettingsforhold, får du 750 kroner per oppmøtedag. Dette gjeld studentar, pensjonistar, arbeidsledige, trygda og så vidare.

Får du lønn frå arbeidsgivar, får du ikkje noka særskild godtgjersle.

Blir du trekt i lønn av arbeidsgivar, har du krav på å få lønna dekt. Du må då ha ein attest frå arbeidsgivar som seier kva sum du blir trekt i lønn.

Som sjølvstendig næringsdrivande får du dekt tapt arbeidsforteneste, normalt blir dette utrekna etter gjennomsnittleg tap per dag. Dette tapet finn du ved å dele årets bruttoforteneste på 225 dagar. Bruttoforteneste kan dokumenterast ved kopi av likningsattest.

Reisekostnader blir dekte. I utgangspunktet skal offentleg transport nyttast.

Særskilt om meddommarar i jordskifteretten

Dei fleste sakene medfører synfaring i skog og mark. Meddommarane må difor ha normalt god helse og kunne ta seg fram i terrenget.

Her finn du meir informasjon om jordskifteretten.

Særskilt om skjønnsmedlemmer

Skjønnsmedlemmer blir brukte i spesielle saker der det skal utøvast skjønn, til dømes verdifastsetting av fast eigedom i samband med ei ekspropriasjonssak. Desse sakene blir regulerte av skjønnsprosesslova. 

Meddommarar i lagmannsretten, tingretten og jordskifteretten kan i tillegg oppnemnast som skjønnsmedlemmar.

Det er inga øvre aldersgrense for vervet.

Ålesund skal foreslå 35 skjønnsmedlemmer til Møre og Romsdal fylkeskommune.

Kommunen ser særleg etter kandidatar med kompetanse innan/som:
land- og skogbruk
arealplanlegging
eigedomsutvikling
fast eigedom
vatn og avløp
entreprenør
arkitekt
eigedomsmeklar
takstmann (bygningskunnig kompetanse)
revisor/økonom