Om postliste og innsyn

Her får du oversikt over ulike måtar du kan få innsyn i kommuneverksemda på. Du finn også informasjon om kvar du finn meir informasjon om retten til innsyn etter offentleglova.

Postliste

Offentleg journal (postliste) er ei oversikt over post til og frå kommunen. Her kan pressa og publikum enkelt følgje med i saker som blir behandla av kommunen og bestille innsyn.

Av omsyn til kvalitetskontroll blir postlista publisert med 2-3 dagars forseinking.

Offentlege dokument som ikkje er skjerma i samsvar med offentleglova kan lesast i fulltekst direkte frå postjournalen.

Arkivdelar med personleg innhald som til dømes elev og personal, som er ein del av sak-/arkivsystemet, ikkje er med på postlistene som er publisert på internett. 

Sjå postlista

Her finn du innsyn og postlister frå dei gamle kommunane, inkludert Ålesund før kommunedelinga

Innsyn i offentlege dokument

Slik finn du fram i innsyn

Slik finn du sakar og dokument i vår innsynsløysing:  

  • Bruk søkefeltet på sida til å søke etter tittel på sak eller dokument.
  • Bruk filtreringsfeltet på sida til å velje dato eller periode. 
  • Du kan også filtrere på kva type dokument du vil sjå.  Inngåande og utgåande dokument er post til og frå kommunen.
  • Det er også mogleg å filtrere på kva type sak du vil sjå. 

Slik finn du fram i oversikten over politiske møter og saksdokument

  • Du får først ein oversikt over dei kommande møte. 
  • I søkefeltet på sida kan du søke etter møte, råd eller utval. 
  • Bruk filteringsfeltet på sida til å filtrere på det råd og utval du vil ha oversikt over. 
  • I filtreringsfeltet kan du velje dato eller periode.  
  • I oppføringa for eit råd og utval vil du finne både møteinnkalling, saksdokument og ein oversikt over medlemmar. Møteprotokoll blir også lagt i samme mappe.