Utlegg, møtehonorar og registreringsskjema

Møtegodtgjering og refusjon for reiser skal du som folkevald legge inn sjølv i lønssystemet.

Kva folkevalde har rett på av honorar og dekking av utgifter går fram av Reglement for folkevalde sine arbeidsvilkår. (PDF, 3 MB)

Dersom arbeidsgivar trekker deg i lønn når du er i folkevalde møte, kan du dokumentere dette ved å bruke skjema for tapt arbeidsforteneste.  (PDF, 116 kB) (last ned fila).

Får du lønn som vanleg, kan arbeidsgivar bruke det same skjemaet for å be om refusjon frå kommunen. Då må arbeidsgivar skrive på skjemaet ein merknad slik at det går tydeleg fram at det er snakk om refusjon til arbeidsgivar.  

Registrering av politikarar

Alle som vert valt inn i eit organ må registrere mellom anna kontaktopplysingar og betalingsinformasjon i eige skjema.

Møtegodtgjering og reiseutgifter - digital innsending

Sjå korleis du går fram for å krevje møtegodtgjering og refusjon for reiser: 

Rettleiing for utbetaling av møtegodtgjerdsle for politikarar i Ålesund kommune - 210920 (PDF, 637 kB)

Pålogging til Visma Expense: