Slik går du fram
Naboliste kan privatpersonar sjølv lage ved å logge seg inn i kommunens kartløysing. Her finn du rettleiing på korleis lage naboliste (PDF, 438 kB)
- Den kan også bestillast via Ambita, Norkart eller Proconet. Alle som står på denne lista må varslast. Står kommunen oppført på lista må dei også varslast. Dersom du skal rive noko må også alle kreditorar og andre som har pant i eigedommen varslast.
-
Fyll ut nabovarselet og samle alle vedlegga som naboane skal få. Lag kopiar av alle dokumenta, sånn at du har eit til kvar nabo, og eit ekstra som leggast ved byggesøknaden.
-
Del så ut nabovarsel til kvar nabo på nabolista. Dersom det er fleire eigarar av ein eigedom må kvar av eigarane få eige varsel. Du kan varsle naboane på følgande måtar:
-
Personleg overlevering
Du leverer då nabovarselet på døra, sånn at naboen kan signere med ein gang på at dei har mottatt varselet. Har ikkje naboen innvendingar, kan dei samtidig signere på at dei samtykker til byggeplanane
-
Sende på e-post eller SMS
Varselet er berre gyldig dersom mottakar stadfester at varselet er mottatt. Automatisk svar er ikkje nok.
-
Sende rekommandert
Du må huske å få Posten til å kvittere for kven du har sendt varselet til. Svarfristen begynner å løpe frå datoen på kvitteringa. Naboen treng ikkje svare.
-
Vent så 14 dagar før du sender byggesøknaden til kommunen. Dette er fordi naboane skal ha tid til å sette seg inn i byggeplanane dine, og kunne komme med merknader. Du slepp å vente dersom alle naboane stadfester at dei samtykker til byggeplanane.
-
Ingen merknader frå naboar? Du kan då sende inn søknaden. Legg ved kvitteringane som viser at alle naboane har blitt varsla og ein kopi av nabovarselet med alle vedlegg.
-
Har nokon merknader? Då må du vurdere ut frå merknadane om du bør endre byggeprosjektet og varsle alle naboene på nytt, eller sende inn byggesøknaden som den er, med alle merknader og dine kommentarar til kvar enkelt merknad.
Desse skjema kan du bruke for å sende nabovarsel
Må du varsle alle på nabolista?
Kommunen kan gi fritak frå å varsle enkelte naboar, dersom naboen sine interesser ikkje blir vesentleg påverka. Det kan for eksempel vere at bygget ditt er plassert sånn at dei ikkje ser det frå sin eigedom, eller dersom naboen bor så langt unna at det ikkje er muleg å sjå bygget frå sin eigedom. Denne avgjerelsa er opp til kommunen, så du bør ta kontakt med ditt innbyggertorg dersom du er i tvil.
For informasjon om resten av søknadsprosessen kan du gå inn på Direktoratet for byggkvalitet sin veiledning “Åtte steg fra idé til ferdig søk"