Konsesjon og konsesjonsfridom

Kommunen er konsesjonsstyresmakt for dei fleste eigedomsoverdragingane etter konsesjonsloven

Konsesjon

Dersom ervervet er konsesjonspliktig, må det søkast konsesjon på skjemaet:
Søknad om konsesjon på erverv av fast eigendom mv. - skjema LDIR-359. 

Skjemaet skal sendast i original til: 
Ålesund kommune, Postboks 1521, 6025 Ålesund. 
 

Skjemaet kan også leverast til eit av innbyggartorga i Ålesund kommune:

Innbyggartorg med adresse
Stad Adresse Telefon
Innbyggartorget i Brattvåg Strandgata 40, 6270 Brattvåg 70 20 75 00
Innbyggartorget på Steinshamn Austrevegen 15, 6487 Harøy 70 16 57 00
Innbyggartorget på Skodje Nihusvegen 3, 6260 Skodje 70 24 40 00
Innbyggartorget på Sjøholt Øyravegen 11, 6240 Ørskog 70 16 59 00
Innbyggartorget i Ålesund Keiser Wilhelmsgate 11, 6003 Ålesund 70 16 20 00


Saksbehandlingsgebyr skal vere betalt før søknaden blir behandla. 

Spørsmål vedkomande erverv av eigedom som krev konsesjonsvedtak rettast til Nordre Sunnmøre Landbrukskontor - tlf. 70 16 20 00.

Konsesjonsfridom

Dei aller fleste eigedomsoverdragingar er konsesjonsfrie. Dette inneber at det ikkje er nødvendig å søke om konsesjon når ein ervervar eigedom. Les meir om dette i forskrift om konsesjonsfrihet mv. -  FOR-2017-03-17-347 frå 18.04.2017

Imidlertid krev tinglysingsstyresmakta ved tinglysing av heimelsdokument, for eksempel eit skøyte eller ei heimelserklæring ved arv, skifte og uskifte, i dei fleste tilfelle ei stadfesting frå kommunen på at ervervet er konsesjonsfritt. Dette gjerast ved at kjøpar gir opplysingar i ei eigenerklæring om konsesjonsfridom – skjema LDIR-360. 

Skjemaet skal sendast i original til: 
Haram kommune: adresse 

Skjemaet kan òg leverast til Innbyggart i Haram kommune.

Kommunen stadfestar eigenerklæringa og registrerer oppgitte opplysingar i  matrikkelen, som er det offisielle registeret over fast eigedom. Kvittering sendast avsendar. Dersom avsendar har oppgitt si e-postadresse, blir stadfesting sendt som e-post. 

Behandlinga av eigenerklæring er gebyrfri. 

Spørsmål som gjeld eigenerklæring om konsesjonsfridom kan rettast til Ålesund kommune v/Innbyggartorget- tlf. .........

Pris

Sjå pris for behandling av konsesjons- og delingssaker.