Saksbehandling og arkiv

Kommunen behandlar personopplysingar i det elektroniske saks- og arkivsystemet. Opplysingane blir lagra i samsvar med arkivlova.

Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon.

Sak- og arkivsystemet følgjer offentlege standard (NOARK) og er tilgangsstyrt. I tillegg blir fleire fagsystem nytta innanfor dei einskilde verksemdene for saksbehandling. Der fagsystemet også er eit arkivsystem, følgjer dette NOARK-standarden. Verksemdsleiar er ansvarleg for den daglege arkiveringa i fagsystemet.

Vi registrerer personopplysingar som namn, adresse, telefonnummer og annan relevant informasjon som går fram av henvendinga. Fødselsnummer blir registrert på nokre saker når det er nødvendig for sikker identifikasjon og for å gjere det mogeleg med elektronisk utsending av dokument. Saksdokument kan i tillegg innehalde både teiepliktig informasjon og sensitive personopplysingar.  

Kommunen sin offentlege journal ligg på kommunen si heimeside. Dette er ein journal over kommunen sine inngåande og utgåande dokument som blir registrert i sak- og arkivsystemet. Journalføringar i andre fagsystem blir ikkje lagt ut på offentleg journal. Etter tre månader blir journalar på heimesida deaktivert. Offentleg journal er heller ikkje søkbar gjennom eksterne søkjemotorar.