Transportordning (TT-kort)

Nye retningsliner frå 2025

Møre og Romsdal fylkeskommune har vedtatt nye retningsliner som vil tre i kraft 1. januar 2025. I vedtaket står det at alle som har TT-kort i dag må søkje på nytt i 2024 for å bli med i ordninga frå og med 2025. Frist for å søkje på nytt vil vere 1. oktober 2024. Søknadsskjema vil bli tilgjengeleg i løpet av 2024.

Meir informasjon om dei nye retningslinene og søknadsprosessen kjem.

Transportordning (TT-kort)

Transporttenesta (TT) er eit tilbod om drosjetransport frå dør til dør, til personar som på grunn av funksjonsnedsettelse har vesentlege vanskar med å reise kollektivt.

TT-kortet blir brukt som betalingsmiddel i drosje. Beløpet blir tildelt etter faste satsar, og blir vurdert opp mot ditt behov. TT-kortet skal kun brukast til fritidsreiser, ikkje til sjuketransport, legebesøk, reise til fysioterapi eller andre reiser som blir dekt av pasientreiser.

Endring i ordninga frå 2024

Fylkestinget har redusert budsjettet for TT-kort frå 2024. Som følgje av dette må talet på personar med ordninga reduserast. Dette medfører:

  • Det blir innført eigenandel på 40 kroner per reise frå januar 2024.
  • TT-kortet kan ikkje brukast til å dekke eigenandelen.
  • Personar som ikkje har nytta TT-kortet per 16.11.23, vert tatt ut av ordninga.
  • Frå og med 01.11.23 og ut 2024 får ingen nye personar TT-kort.
  • Det blir oppretta venteliste for personar som søkjar med nytt skjema og som fyller kriteriane. Dei får tildelt TT-kort når eit TT-kort blir ledig.
  • Dei som er med i TT-kort tilbodet, må etter dei nye retningslinjene søkja innan 01. oktober 2024 om TT-midlar for 2025.

 

Lovgrunnlag

Denne tenesta er ikkje lovpålagt. Sjå Møre og Romsdal fylkeskommune sine retningslinjer om TT-kort.

Sjå også

Møre og Romsdal fylkeskommune