Meldeplikt for verksemder med kjøletårn eller luftskrubber

Alle verksemder som har kjøletårn eller luftskrubber må melde frå til kommunen ved oppstart og ved vesentlege endringar.

Kvifor er det meldeplikt?

Miljøretta helsevern fører tilsyn med og held oversikt over kjøletårn og luftskrubbarar, fordi desse har potensial til å spreie legionellabakteriar.

Dersom det skjer utbrot av legionellose bruker ein oversikta til smitteoppsporing.

Når skal du melde inn til Ålesund kommune?

Verksemdene skal ved oppstart, ved vesentlege endringar, og deretter kvart femte år, sende kommunen ei vurdering av anlegget som er utført av eit akkreditert inspeksjonsorgan.

Du kan sende inn melding via digitalt meldeskjema for kjøletårn og luftskrubbarar.

Eigar av verksemda har ansvar for at drifta og reinhaldet er forsvarleg. Kommunen fører tilsyn med at lovverket blir følgt.

Lover og reglar

Ansvarleg for tenesta

 

Strategi og styring