Hygienekrav for frisør- og hudpleiesalongar og sol- og tatoveringsstudio

Alle verksemder som jobbar med behandling og pleie av hår eller hud må følge hygieneforskrifta. Målet er å sikre tilfredsstillande hygieniske forhold og førebygge overføring av smittsomme sjukdommar. 

Målgruppe

  • Personar som ønsker å starte, overta eller flytte
  • Frisørsalong
  • Hud- og fotpleiesalong, solarium
  • Tatoverings- og holtakingsverksemd

Krav til hygieniske forhold

  • Lokale og utstyr i tatoverings- og holtakingsverksemder skal godkjennast av kommunen før oppstart, ved eigarskifte eller ved større ominnreiingar. Også frisørar og/eller hudpleieverksemder som utfører såkalla enkel holtaking/hol i øyrene vil bli rekna som holtakingsverksemd og må godkjennast.
  • Frisør- og hudpleieverksemder har meldeplikt til kommunen før lokalet blir tatt i bruk, ved eigarskifte eller ved større ominnreiingar.
  • Forskrifta stiller krav til korleis lokala skal vere utforma, har innreidd og utstyrt.
  • Reingjering, desinfeksjon/ sterilisering og oppbevaring av utstyr skal skje på ein hygienisk tilfredsstillande måte for å førebygge overføring av smittsame sjukdommar.
  • Alle verksemder skal ha eit internkontrollsystem og føre internkontroll for å sikre at krava i forskrifta blir overhaldne. Kravet til interkontroll inneber at dei hygieniske rutinane skal vere skriftleg dokumenterte og at alle dei tilsette kjenner regelverket. 
  • Den som utfører behandlinga pliktar å gi informasjon til tenestemottakar om risikoen for infeksjonar, blødningar, allergiske reaksjonar og liknande, i samsvar med hygieneforskrifta.

Regelverk

Forskrift om hygienekrav for frisør-, hudpleie-, tatoverings- og hulltakingsvirksomheter m.v.

Melde- og godkjenningsplikt

Ønsker du å starte eller å overta ein frisørsalong, hud- og fotpleiesalong, solarium, tatoverings- og holtakingsverksemd, må du enten søke kommunen om godkjenning eller sende inn meldeskjema til kommunen. 

Tatoverings- og holtakingsverksemd - godkjenningsplikt

Dersom verksemda tilbyr holtaking/piercing, tatovering eller andre tenester som inneber penetrering av hud eller slimhinner, skal lokala godkjennast før oppstart, ved større endringar av lokala, og ved eigarskifte. Nedlegging av verksemd skal meldast.

Slik verksemd kan berre utøvast i godkjente lokale. Godkjenningsplikta gjeld mellom anna for:

  • Holtaking/piercing (inkl. «øyrepistol»)
  • Microneedeling
  • Tatovering (inkl. permanent makeup, microblading)
  • Svimerking
  • Arring

Frisør- og hudpleieverksemd – meldeplikt

Frisør- og hudpleieverksemd som ikkje driv holtaking/piercing må oppfylle dei same hygienekrava, men treng berre sende melding før oppstart. Meldeplikta gjeld mellom anna for:

  • Frisør- og barbersalongar
  • Ulike typar hud-, fot- og neglepleiesalongar (inkl. massasje/aromaterapi, soneterapi og solarium)

Før du kan starte solstudio, må du ha bestått solarieprøven. Sjå www.dsa.no.

Slik søker du

De melder eller søker godkjenning for verksemda ved å fylle ut kommunen sitt digitale skjema:

Melde- og godkjenningsskjema for frisør-, hudpleie-, tatoverings- og holtakingsverksemder

Om søknadsprosessen

Etter at vi har mottatt søknaden får de svar innan tre veker om når vi kan komme på tilsyn. På tilsynet ser vi på lokala, utstyret og dei skriftlege rutinane.

Nokre veker etter tilsynet får de ein rapport om kva vi fann under tilsynet. Dersom det er avdekt avvik frå hygieneforskrifta, vil du få tilsendt eit enkeltvedtak som seier kva som må rettast før verksemda kan starte opp.

Moglegheit til å klage 

Om du er misfornøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du fekk brevet. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du ta kontakt med kommunen. Om kommunen opprettheld avgjersla, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følge.

Ansvarleg for tenesta