Kommunalt næringsfond

Næringsfondet er ei støtteordning som skal nyttast til å styrke nyetableringar, innovasjon og næringsutvikling i Ålesund kommune. Fondet kan også nyttast til vidareutvikling av eksisterande verksemder.

Kven kan søke næringsfondet?

Næringsfondet kan nyttast både til bedriftsretta tiltak (direkte støtte til bedrifter) og til generelle tilretteleggande tiltak i regi av kommunen og organisasjonar i lokalsamfunnet. Mål og prioriteringar i næringsstrategien i Ålesund kommune vil bli lagt til grunn for vurderingane av kven som får støtte.

Merk at det er nokre ulikheiter i retningslinjene for søknad i dei ulike kommunedelane.

Kva kan du søke om?

Tilretteleggande tiltak:

Må vere eit tidsavgrensa tiltak. Næringsfondet kan gi støtte på inntil 50 % av totalt kapitalbehov.

NB! Næringsfondet for tidlegare Ålesund, Skodje og Ørskog kommune er no tomt.

Bedriftsretta støtte:

  • Støtte skal ikkje utgjere meir enn halvparten av dei kostnadane som er rekna inn i støttegrunnlaget (det totale kapitalbehovet som ligg til grunn for etableringa). Bedriftsretta prosjekt der kapitalbehovet er større, skal oversendast til Innovasjon Norge
  • Det kan ikkje løyvast støtte til ordinær drift
  • Bedriftsretta støtte skal ikkje vere konkurransevridande lokalt
  • Støtta skal ha ein utløysande effekt på tiltaket som vert støtta
  • Støtte gis primært som tilskot
  • Investeringar som vert gjort før søknad om støtte frå næringsfondet er handsama skjer på eigen risiko for søkjaren
  • For å få støtte må investeringar/prosjekt som det vert søkt støtte til gjennomførast innan 12 månader etter at tilsegn om støtte er gitt. Søkar kan søkje om utsetting.
  • Utbetaling av tilsegn gitt frå næringsfondet skjer i etterkant når kostnaden kan dokumenterast i samsvar med søknad og tilsegn
  • Næringsfondet kan ikkje nyttast til teikning av aksjar, betaling av renter/avdrag eller garantiar for bedrifter 
  • Det kan ikkje gis støtte til fysiske infrastrukturtiltak i kommunen
  • Selskapet må vere registrert i Brønnøysund med adresse i Ålesund kommune
  • Støtte frå næringsfondet må haldast saman med annan offentleg støtte, slik at samla støtte er innanfor gjeldande retningslinjer
  • Det kan ikkje gis støtte som er i strid med internasjonale avtalar der Noreg er part. Det kan derfor ikkje gis støtte til primær stålproduksjon, til transport eller til direkte eksportkostnadar, inkludert etablering og drift av distribusjonsnettverk
  • Elles vert til ein kvar tid gjeldande retningslinjer frå Møre og Romsdal fylkeskommune og frå Kommunal- og regionaldepartementet (kapittel 551, post 60 Næringsretta midlar til regional utvikling) lagt til grunn i vurderinga

Døme på kva bedrifter kan søke støtte til:

  • Nyetablering/bedriftsutvikling
  • Produktutvikling
  • Marknadsføring
  • Kompetanseheving i bedrifta
  • Investeringar i maskiner og utstyr (gjeld kun tidlegare Haram og Sandøy)

Korleis søke næringsfondet?

Tilretteleggande tiltak:
Søker må levere skriftleg søknad med ein god prosjektomtale og realistisk budsjett. Søknaden skal registrerast på regionalforvaltning.no

Bedriftsretta tiltak - nyetablering:
Søker må levere skriftleg søknad med vedlagt forretningsplan på regionalforvaltning.no

Bedriftsretta tiltak - vidareutvikling av eksisterande verksemd:
For støtte til vidareutvikling av eksisterande verksemd gjeld i utgangspunktet same retningslinjer som for støtte til nyetablering, men sakshandsamar kan vise skjøn i høve til kva som er naudsynt prosedyre og bakgrunnsinformasjon for ein søknad frå ei eksisterande verksemd.

NB! Næringsfondet for tidlegare Ålesund, Skodje, Ørskog og Sandøy kommune er no tomt.

Kontaktperson for næringsfondet i Ålesund kommune:

Charlotte Rongved Østrem