Næringsutvikling

Ålesund kommune skal ha ei tydeleg satsing på innovasjon og utvikling, og ha ein tydeleg næringspolitikk.

Næringsstrategi

Gjennom brei involvering av leiarar frå næringsliv, offentleg sektor og akademia er det i prosessen med utarbeiding av næringsplan ønske om å etablere ei felles forståing for kommunen sin ståstad og moglegheiter, og etablere eit felles målbilete. Ambisjonen må vere at dette skal danne eit godt grunnlag for ei brei mobilisering av aktørar og gjennomføring av tiltak som bidreg til kommunen samla måloppnåing – at vi klarer å skape nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet!

Denne strategien er utarbeidd i tett samarbeid med næringslivet, og er ein felles plan for å nå måla.

Næringsstrategien spring ut av kommuneplanen sin samfunnsdel for nye Ålesund kommune og er ein av fire overordna strategiar som syner korleis vi møter dei største utfordringane vi står overfor; 

  • Menneskeskapte klimaendringar og tap av naturmangfald
  • Vedvarande og aukande folkehelseutfordringar og auke i sosiale helseforskjellar
  • Ei demografisk utvikling med fleire eldre, færre i arbeidsfør alder og reduserte økonomiske rammer
  • Eit berekraftig og konkurransedyktig lokalt næringsliv

Samarbeid