Skjenkebevilling for ope og lukka arrangement

Dersom du ønskjer å servere alkoholhaldig drikke i eit lukka selskap eller ved eit enkelt høve, må du søkja kommuna om ambulerande skjenkebevilling, eller skjenkebevilling for enkelthøve.

Når treng du å søkja om skjenkebevilling?

Dersom du ønskjer å servere alkoholhaldig drikke i eit lukka selskap eller ved ei bestemt anledning, må du søkja kommuna om ambulerande skjenkebevilling, eller skjenkebevilling for enkelthøve.

Du må søkja om skjenkebevilling dersom:

  • du leiger lokale, tar betalt for alkohol eller om lokalet berre har serveringsbevilling
  • du skal servere alkohol i eit lukka selskap som til dømes bryllaup, jubileum eller interne arrangement i firma
  • du skal ha eit arrangement som er ope for publikum, i eit lokale utan skjenkebevilling eller utandørs på eit avgrensa område

Ambulerande skjenkebevilling

Dersom du skal servere alkohol i eit lukka selskap som til dømes bryllaup, jubileum eller interne arrangement i firma, må du søkja om ambulerande skjenkebevilling. 

Selskapet kan ikkje vere ope for utanforståande, heller ikkje med påmelding og/eller inngangsbillett. Deltakarane må ha ei eller anna tilknyting til den eller dei som inviterer til selskapet. Arrangementet er ikkje tilgjengeleg for utanforståande, heller ikkje med påmelding.

Vanlege medlemsmøter i ei foreining, klubbar og liknande vert normalt ikkje rekna som slutta selskap sjølv om moglegheitene for medlemskap er avgrensa.

Du må søkja ambulerande bevilling dersom ein eller fleire av følgande forutsetningar er til stades:

  • dersom ein leiger lokale pluss fleire tenester av utleigar (vasking, servering o.l.)
  • dersom ein tar betalt for alkohol
  • dersom lokalet der arrangementet skal haldast har serveringsbevilling

Søk om skjenkebevilling til lukka arrangement

Skjenkebevilling for enkelthøve

Skjenkebevilling for enkelthøve kan vere eit enkelt ope (offentleg) arrangement som til dømes konsertar, teater, studentveke, festivalar m.v.

Du må søkja skjenkebevilling for enkelthøve dersom gjestane er invitert til dømes via annonsar, plakatar eller sosiale media.

Det finst ulike typar skjenkebevilling for enkelthøve:

  • Alminneleg bevilling for enkelt ope arrangement 1-6 dagar – blir avgjort administrativt
  • Alminneleg bevilling for enkelt ope arrangement utover 6 dagar – blir avgjort politisk

Søk om skjenkebevilling for enkelthøve

Viktig informasjon til arrangørar av større arrangement

Planar, meldeplikt og godkjenning

Ved søknad om skjenking ute, i telt og ved andre større arrangement skal det alltid leggjast ved teikning som viser kva areal søknaden omfattar, kvar skjenkinga skal gå føre seg og kva løysing ein har planlagt for sikring av området, vakthald o.l.

For allment tilgjengelege arrangement er det også meldeplikt til politiet, og arrangøren må sjølv, i god tid før arrangementet, ta kontakt med politiet for gjennomgang av opplegget for arrangementet, jf. politivedtektene.

Internkontroll

For opne arrangement av eit visst omfang vil det bli krav om at den som har bevillinga har eit internkontrollsystem som sikrar at reglane i alkohollova blir overhaldne, og at alle som er involvert i skjenkinga i samband med arrangementet er tilstrekkeleg informert om gjeldande reglar.

Nærare informasjon om kva internkontrollsystemet bør innehalde finn du i Guide til god internkontroll etter alkoholloven (Helsedirektoratet).

Sikkerheit ved større arrangement

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap har utarbeidd ei rettleiing for sikkerheit ved store arrangement . Denne inneheld gode råd for sikker avvikling av arrangement og kan lastast ned frå direktoratet si heimeside ved å klikke på linken ovanfor.

Kva krav må du oppfylle?

  • Bevillingssøkjar må ha fylt 20 år.
  • Ein person skal stå som ansvarleg for skjenkinga. Skjenkeansvarleg må ha fylt 20 år.

Kva kostar det?

Gebyret skal dekke kommuna sine kostnadar til sakshandsaming og kontroll. Du får derfor normalt ikkje tilbakebetalt eller ettergitt gebyr for arrangement som ikkje blir gjennomført.

Bevilling for enkelthøve

Bevillingsgebyret blir fastsett for eitt år av gongen for kvar enkelt bevilling, på grunnlag av omsett mengde alkoholhaldig drikk.

Bevillingsgebyret utgjer per år minimum 6100 kroner for stadar med skjenkebevilling. Dette gjeld også skjenkebevilling for enkeltanledningar/enkeltarrangement.
Faktura vert normalt sendt ut mot slutten av året.

Satsane for bevillingsgebyret finn du i alkoholforskrifta §6. 

Gebyret er fastsett som eit fast kronebeløp per liter, og vil dermed auke med aukande omsetning. 

Bevillingsgebyret utgjør pr. år minimum kr 1960 for sal og kr 6100 for skjenking. Bevillingsmyndigheiten kan likevel i særlige tilfelle bestemma at gebyret skal settast lavere. For ambulerende bevilling kan bevillingsmyndigheiten kreve et gebyr på inntil kr 440 pr. gang

Nye satsar frå 01.01.2024 er:
Minimum bevillingsgebyr for daglegvarehandel:     1960 kroner i året.
Minimum bevillingsgebyr for skjenking:             6100 kroner i året.
For ambulerande bevilling:                      440 kroner pr. gong.

Seinast 14 dagar etter arrangementet må du sende ei omsetningsoppgave til kommuna der du oppgir kor mykje alkohol som er omsett.

Send inn omsetningsoppgåve for skjenke- og salsbevilling (digitalt skjema).

Ambulerande bevilling

Gebyrsatsen for lukka og private arrangement er for tida 440 kroner. Faktura vert sendt ut samstundes med vedtaket. 

Kor lang tid tar det å få svar?

For lukka arrangement som bryllaup, jubileum og interne arrangement i firma, er behandlingstida tre veker frå søknaden er mottatt.

For opne arrangement er behandlingstida fire veker frå søknaden er mottatt. Ved større arrangement kan behandlingstida bli lengre.

Vi må innhente uttale om vandel frå politiet for dei som søkjar om opne arrangement, og politiet har tre veker behandlingstid.

Pass på at søknaden din inneheld gode opplysningar om staden, og kva slags arrangement dette er.

Ansvarleg for tenesta