Serveringsbevilling

For kaféar, konditori, kantiner, gatekjøkken, foodtrucks, bensinstasjonar og andre som skal servere mat og alkoholfri drikke.

Når treng du serveringsbevilling?

Planlegg du å starte ein stad der det blir servert mat eller drikke, må du ha serveringsbevilling. I nokre få tilfelle treng du ikkje bevilling.

Korleis få serveringsbevilling?

  • Dagleg leiar ved staden må ha bestått etablererprøven for å kunne søkja om serveringsbevilling. Løyvet blir gitt til selskapet som eig staden.
  • Serveringslova stiller krav om uklanderleg vandel.
  • Lokalet for serveringsstaden må være godkjent av bygningsmyndigheitene til bruk for serveringsverksemd.
  • I nokre tilfelle treng vi ei planteikning over serveringsarealet og ein finansieringsplan. Då tar vi kontakt med deg.
  • Dersom det er eit eigarskifte må du søkja om eige serveringsbevilling seinast 30 dagar etter at du inngjekk avtale om overdraging. Her kan du sjå korleis du endrar eksisterande løyve. 

Korleis søkja om serveringsbevilling?

Klikk på lenka lengre ned på denne sida. Logg inn via ID-porten for å opprette søknaden. Du må vere styreleiar, dagleg leiar eller ha fått tildelt rolla «kommunale tenester» i Altinn for å kunne representere selskapet.

Vedlegg som må følgje søknad om serveringsløyve

  • Firmaattest som ikkje er eldre enn 2 månader.
  • Ved overdraging – kopi av kjøpekontrakt, evt. erklæring underteikna av begge partar der dato for overdraging går fram.
  • Dokumentasjon av eigarforhold. For aksjeselskap med revisorattestert utskrift frå selskapet si aksjonærregisterbok.
  • Kopi av leigekontrakt som dokumenterer at det ligg føre eit leigeforhold til lokala der det blir søkt om bevilling, og eventuell utløpsdato for denne.
  • Kopi av avtale som dokumenterer at det ligg føre eit leigeforhold til utearealet der det blir søkt om bevilling, og eventuell utløpsdato for avtalen.
  • For båtar/skip – kopi av godkjenning frå skipskontrollen, passasjersertifikat og sikkerheitssertifikat.
  • Midlertidig bruksløyve/ferdigattest frå Virksomhet for plan og bygning som dokumenterer at staden er godkjent til den bruken det blir søkt om.
  • Bekrefting på at verksemda er registrert hos Mattilsynet i henhald til forskrift 22.12.2008 nr. 1623 om næringsmiddelhygiene § 18.
  • Persontalberekning for lokalet, jf. byggteknisk forskrift (TEK17) (sjå rettleiing her: https://dibk.no/no/byggeregler/tek/3/11/innledning/ )
  • Planteikning i A4-format. Serveringsarealet skal vere skravert og bord og sitteplassar innteikna. Ved uteservering skal også teikning over plassering av uteareal leggast ved.
  • Nærmare skildring av driftskonseptet (opningstid, målgruppe, m.m.)
  • Dokumentasjon for bestått etablerarprøve for styrar/dagleg leiar.

Søk om serveringsbevilling her.

Kor lang tid tar det?

Søknad om serveringsbevilling skal behandlast innan 60 dagar. Søknaden blir sendt på høyring til politiet og skatteetaten. Behandlingstida kan bli lengre dersom høyringsinstansane brukar lang tid, har merknadar til søknaden eller dersom du gjer endringar undervegs i søknadsbehandlinga.

Lover og reglar

Serveringslova

Vinn.no/nettbutikk

 

 

Ansvarleg for tenesta