Salstider øl

Salstider for øl i daglegvarebutikkar i Ålesund.

Salstider for øl
Dag Tidspunkt
Kvardagar kl 08.00 - 20.00
Laurdagar kl 08.00 - 18.00
Dagar før søndag og heilagdagar kl 08.00 - 18.00
Onsdag før skjærtorsdag kl 08.00 - 18.00
Påskeaftan  kl 08.00 - 15.00
Dagen før 1. mai  kl 08.00 - 20.00
Dagen før 17. mai  kl 08.00 - 20.00
Onsdag før Kristi Himmelfartsdag kl 08.00 - 20.00
Pinseaftan kl 08.00 - 15.00
Julaftan kl 08.00 - 15.00
Nyttårsaftan kl 08.00 - 15.00

Nyttig å vita

Sal av alkohol er forbode på søndag og heilagdagar, 1. og 17. mai.

Sal av alkohol på valdagen er tillate.

Det er berre lov med sal av alkoholhaldig drikk i gruppe 1 i butikk frå kl. 08.00 -15.00 på påske-, pinse-, jul- og nyttårsaftan.

Dagen før Kristi Himmelfartsdag kan øl seljast heilt fram til kl. 20.00, sjølv om det er dagen før helgedag. Dette er eit unntak i alkoholloven.

Dersom dagen før 1. mai og 17. mai fell på ein laurdag, er det normal salstid for laurdag som gjeld.

Lovheimel

Lov om omsetning av alkoholholdig drikk mv (alkoholloven)

Forskrift om opningstider for serveringsstader og sals- og skjenketider for alkoholhaldig drikk, Ålesund kommune

 

Ansvarleg for tenesta