Opnings- og skjenketider i Ålesund

Gjeld for restaurantar, barar, pubar, nattklubbar og andre stader med skjenkebevilling.

Opningstider gjeld også for serveringsstadar der det vert servert mat og drikke og der forholda ligg til rette for fortæring på staden. Som serveringsstad reknast restaurant, kafé, konditori, gatekjøkken, pub, kiosk og bensinstasjonar som sel gatekjøkkenmat.

Opningstider for serverings- og skjenkestader

Skjenkestader og serveringsstader kan halde ope frå kl. 06.00 til kl. 04.00 alle dagar.

Kommunen kan etter søknad gje dispensasjon for å halde døgnope til bensinstasjonar og andre serveringsstader utan alkoholskjenking, når utvida opningstid verken medfører støy eller på annan måte er til vesentleg ulempe for andre.

Generelt om skjenketid

Skjenketida for alkoholhaldig drikk skal følgje skjenkestaden sine opningstider (jf. bevillingsvedtak), men skjenkinga må avsluttast seinast ein halv time før staden skal stenge. Det kan aldri skjenkast alkoholhaldig drikk lengre enn til kl. 03.00.

Øl og vin

Skjenking av øl og vin (under 22 volumprosent alkohol) kan skje frå kl. 06.00 til kl. 03.00 alle dagar.

Brennevin

Skjenking av brennevin (mellom 22 og 60 volumprosent alkohol) kan skje frå kl. 13.00 til kl. 02.00 alle dagar.

Forskrift om opningstider for serveringsstader og sals- og skjenketider, Ålesund kommune, Møre og Romsdal - Lovdata

 

Ansvarleg for tenesta