Omsetningsoppgåve og skjenking

Alle som har ei sals- eller skjenkebevilling må kvart år betale eit bevillingsgebyr til kommuna.  Størrelsen på gebyret er avhengig av kor mykje alkohol som blir selt. Opplysningar om alkoholsalet skal rapporterast til kommuna innan 1. mars for det føregåande året.

Kva kostar ei bevilling?

Bevillingsgebyret blir fastsett for eitt år av gangen, for kvar enkelt bevilling, på grunnlag av forventa omsett mengde alkoholhaldig drikk.

Bevillingsgebyret utgjer per år minimum 1850 kroner for daglegvarehandel, og minimum 5800 kroner for skjenkesteder.

Nye satsar frå 01.01.2024 er:
Minimum bevillingsgebyr for daglegvarehandel:     1960 kroner i året.
Minimum bevillingsgebyr for skjenking:             6100 kroner i året.
For ambulerande bevilling:                      440 kroner pr. gong.

Satsane for bevillingsgebyret finn du i alkoholforskrifta §6. 

Gebyret er fastsett som eit fast kronebeløp per liter, og vil dermed auke med aukande omsetning. I § 6-2 er det fastsett ein sats for alkoholholdig drikk gruppe 1 som vert solgt, og tre ulike satsar for alkoholholdig drikk som vert skjenka. Fastsetjing av gebyret skjer ved å multiplisere talet på liter alkoholhaldig drikk som er omsett, med den aktuelle satsen for alkoholgruppa.

Uavhengig av kor stor omsetninga er, skal det betalast eit minstegebyr for sal og for skjenking. Storleiken på minstegebyret er fastsett år for år i forskrifta.

Dersom det er avvik mellom tidlegare oppgitt forventa omsetning og faktisk omsetning, kan kommuna gjere ei etterberekning og eit etteroppgjer.

Send inn omsetningsoppgåve 

Omsetningsoppgåve for fast skjenke- eller salsbevilling (digitalt skjema)

Bevillingshavarar som har fleire bevillingar må sende inn éi omsetningsoppgåve for kvar enkelt sals- eller skjenkestad. Fristen er 1. mars.

Omsetningsoppgåve for enkeltarrangement

Omsetningsoppgåve for skjenkebevilling ved enkelthøve (digitalt skjema)

Har du søkt og fått skjenkebevilling til eitt eller fleire enkeltarrangement, må du seinast 14 dagar etter arrangementet sende inn ei omsetningsoppgåve til kommunen der du oppgir kor mykje alkohol som er omsett. Har du fleire arrangement i løpet av året, ser vi omsetninga for alle arrangementa i samanheng ved utrekning av størrelsen på omsetningsgebyret.

Faktura vert normalt sendt ut mot slutten av året.

Manglande omsetningsoppgåve

Om du ikkje leverer omsetningsoppgåve innan kommuna sin frist, fører det til sanksjon i form av to prikkar, jf. alkoholforskrifta sin § 10-3 og kommunen sitt bevillingsreglement. (PDF, 467 kB)

 

Ansvarleg for tenesta