Ålesund kommune gir, innanfor ramma for den bevillinga som kvart år står til disposisjon, følgande tilskot:
- tilskot til lag og organisasjonar innan helse- og velferdsområdet
- tilskot til lag og organisasjonar til aktivitetar for personar med utviklingshemming
Om tilskotsordninga
Tilskotsordninga skal støtte opp om frivillige og ideelle organisasjonar sin innsats innan helse- og velferdsområdet i Ålesund kommune.
Tilskotsordninga har som mål å:
- bidra til inkludering, gode levekår og aktiv samfunnsdeltaking for innbyggjarar i Ålesund kommune
- bidra til auka livskvalitet og eigenmeistring hos brukarar eller pårørande
- bidra til helsefremjande og førebyggjande aktivitetar
- bidra til gjennomføring av ulike arrangement for målgrupper innan området
- fremje det frivillige engasjementet
- bidra til auka samhandling og samskaping mellom lag/organisasjonar og kommunen
Ålesund kommune har fleire tilskotsordningar innanfor kultur og idrett, nærmiljø og frivilligheit. Desse vil bli lyst ut på eit seinare tidspunkt, og lag og organisasjonar som gir tilbod innanfor desse områda, blir bedne om å nytte desse ordningane.
Ålesund kommune vil våren 2024 lyse ut tilskot til individuelle ferietiltak til personar med utviklingshemming.
Kven kan søke
Lag og organisasjonar som er fysisk etablerte i kommunen, driv aktivitetar innan helse og velferdsområdet og gir tilbod til brukarar/ innbyggjarar som bur eller oppheld seg i Ålesund kommune.
Type tilskot
Tilskot kan bli gitt på ein av desse måtane:
- Eingongstilskot - Tilskot som gjeld for eitt år om gongen.
Til dømes tilskot til spesifikke arrangement, aktivitetar eller innsatsar med kortare varigheit. Tilskota vil ha ei ramme på inntil kr 15.000,- pr. lag/organisasjon.
Lag og organisasjonar som gjev tilbod til personar med utviklingshemming kan og søke om:
- Faste tilskot - Tilskot som kan bli gitt for ei periode på inntil tre år om gongen.
Tilskota skal vere med å støtte opp under aktivitetar eller innsatsar som varer over tid, og som kan gi meir føreseielege vilkår for drift.
Krav til søknaden
I søknad skal ein gjere greie for kva laget eller organisasjon søker midlar til, kva midlane skal brukast til og kva budsjett ein har for aktiviteten/tiltaket. I søknaden må ein legge ved siste godkjende årsmelding og rekneskap og budsjett for det året det vert søkt tilskot for.
Søknaden skal sendast inn ved å nytte det digitale søknadsskjemaet nedanfor. Treng ein hjelp til utfylling av søknaden, ta kontakt med næraste innbyggjartorg for bistand.
Søk om tilskot til lag og organisasjonar innan helse- og velferdsområdet
Søk om tilskot til aktivitetar for personar med utviklingshemming
Søknadsfrist 20.februar 2024.
Retningslinjer for tildeling av tilskot til lag og organisasjonar innan helse- og velferdsområdet
Tilskotsordninga skal støtte opp om frivillige og ideelle organisasjonar sin innsats innan helse- og velferdsområdet i Ålesund kommune. Tilskotsordninga har som mål å;
- bidra til inkludering, gode levekår og aktiv samfunnsdeltaking for innbyggjarar i Ålesund kommune
- bidra til auka livskvalitet og eigenmeistring hos brukarar eller pårørande
- bidra til helsefremjande og førebyggjande aktivitetar
- bidra til gjennomføring av ulike arrangement for målgrupper innan området
- fremje det frivillige engasjementet
- bidra til auka samhandling og samskaping mellom lag/organisasjonar og kommunen
Lag og organisasjonar som kan søkje tilskot må vere etablert i kommunen og gi tilbod til brukarar/innbyggjarar som bur eller oppheld seg i kommunen.
Aktivitetane eller innsatsen det vert søkt tilskot for må oppfylle eit eller fleire av punkta nemnt som mål for tilskotsordninga (sjå avsnittet ovanfor).
Frivillige lag og foreiningar må vere registrert i Frivillighetsregisteret i Brønnøysundregistrene. Ideelle organisasjonar skal ikkje vidareformidle forteneste; overskot skal brukast i tråd med organisasjonen sitt hovudføremål som ikkje skal vere av kommersiell art.
Privatpersonar kan ikkje søkje tilskot
Tilskot kan gjevast anten som;
- Tilskot som kan bli gitt for ei periode på inntil tre år om gongen (faste tilskot). Tilskota skal vere med å støtte opp under aktivitetar eller innsatsar som varer over tid, og som kan gi meir føreseielege vilkår for drift.
- Tilskot som gjeld for eitt år om gongen. Til dømes tilskot til spesifikke arrangement eller aktivitetar eller innsatsar med kortare varigheit. Tilskota vil ha ei ramme på inntil kr 15.000,- pr. lag/organisasjon.
Lag og organisasjonar kan søke på begge tilskota. Det må kome tydeleg fram i søknaden kva type tilskot ein søkjer.
Søknaden må sendast inn på gjeldande elektronisk søknadsskjema (tilgjengeleg på kommunen sine nettsider), av person som har mynde til å forplikte organisasjonen. Alle obligatoriske felt må fyllast ut.
Søknaden må innehalde:
- Ei kort utgreiing om laget/organisasjonen som søkjer midlar • Kva type tilskot ein søkjer (faste eller eingongstilskot)
- Skriv kort om kva midlane skal brukast til
- Legg ved budsjett for tiltaket
- Søknadssum
- Obligatoriske vedlegg:
- Siste godkjende årsmelding
- Rekneskap for førre år (siste godkjende)
- Budsjett for det året det vert søkt midlar for
Søknadar som ikkje er mottekne innan fristen eller som er ufullstendige vert ikkje handsama.
Kommunen ved Stab helse og velferd gir tilskot etter ein skjønnsvurdering. Storleiken på tilskota er avgrensa og kommunen må prioritere. Søknadar som i utgangspunktet tilfredsstiller kriteria og føremålet med tilskotsordninga kan få avslag eller verte tildelt lågare beløp enn det vert søkt om.
Alle søkjarar vil få skriftleg svar og dei søkjarane som får tilskot vil få eit tildelingsbrev.
Dersom eit lag eller organisasjon med forsett gir feilaktige opplysningar eller misligheld sine pliktar kan dei miste rettane sine innanfor ramma av tilskotsordninga, i inntil eitt år.
Ålesund kommune ved Stab Helse og velferd kan gjennomføre stikkprøver for å kontrollere at midlane vert nytta i samsvar med føresetnadane og at opplysningane i søknaden er korrekte
Informasjon om tilskotsordninga vil kunngjerast på kommunen sine nettsider og gjennom annonse i Sunnmørsposten minst fire veker før søknadsfristen.
Søknadsfrist for tilskot for komande år er 15.november.
Svar på søknad og eventuell utbetaling vil ligge føre seinast medio februar i det året det vert søkt tilskot for, så framt politiske løyvingar.
Lag og organisasjonar som har fått innvilga faste tilskot, dvs tilskot over fleire år, må levere årsmelding eller rapport for året dei har motteke tilskot for, før ny utbetaling vil bli effektuert.
Det kan klagast på vedtaket som gjeld tildeling eller avslag på tilskot. Klageretten har heimel i forvaltningslova § 28 andre ledd. Klagefristen er tre veker frå den dato vedtaket kom fram. Klagen må vere skriftleg og bør grunngjevast. Klagen skal sendast til Ålesund kommune v/ Stab for helse og velferd. Dersom kommunen ikkje er samd i klagen og ikkje endrar vedtaket, vert klagen sendt til Klageutvalet i kommunen for endeleg avgjerd.