Prosjektleiar

Kristin Nonsvik jobbar i kommunen sitt eigedomsselskap og er utdanna byggingeniør. Samfunnsansvaret er noko ho syns er viktig.

Kva jobbar du med i Ålesund kommune?

Eg er prosjektleiar for Ålesund eigedomsselskap KF. Min jobb er blant anna å sørgje for å gjennomføre utbyggingsprosjekt som er vedtatt i bystyret.

Små og store prosjekt går heile tida. Akkurat no er eg blant anna i planleggingsstadiet for ein ny barne- og avlastningsbustad som det er bestemt at vi skal bygge på Flisneset. Eg har leia arbeidet med å komme til endeleg avgjerd for plassering. Vidare leiar eg arbeidet med omregulering av tomt, og utarbeiding av byggeprogram der vi legg føringar for innhaldet i bygget og til slutt sjølve bygginga. I alle fasar er brukarar og tilsette tilknytt bygget involvert.

Kvifor valte du yrket ditt?

Eg likar å sjå at noko blir skapt. Eg likar å vere med i prosessen fram til å få fram eit ferdig, fysisk resultat.

Fortell oss om din jobbreise (erfaring)?

Da eg var ferdig utdanna byggingeniør frå Høgskulen i Ålesund i 2005 fikk eg jobb i Ålesund kommune, verksemd for veg, anlegg og park. Der jobba eg som prosjektleiar for diverse vegprosjekt. Blant anna var eg prosjektleiar for den flotte Fjordstien som VAP byggjer. Etter 13 år i VAP ynskja eg meg nye utfordringar. Da dukka jobben som prosjektleiar i Ålesund eigedomsselskapet KF opp og eg var heldig og klarte å kapre den jobben.

Kva utdanning kan ein ta for å jobbe med det du gjer?

Det er fleire utdanningsveger som kan føre fram til ein prosjektleiarjobb. For min del var det bachelorgrad bygg med seinare påbygging med fag retta mot prosjektleiing.

Kva synes du er kjekt og spesielt med jobben din?

Med å jobbe i det offentlege utfører eg ein jobb for samfunnet. Tiltak blir ofte sett på i eit større perspektiv, ikkje berre det beste for enkeltpersonar. Eg likar òg godt at vi har eit bra og bredt fagmiljø der vi har mange personar å samarbeide med når det er behov for det.

Kva er utfordringane med jobben din?

Det eg gjer i jobben min er ikkje alltid like populært blant enkeltpersonar. Det vi byggjer er politisk bestemt, men det er vi som møter folka der ute. Når noko skal byggast kan det opplevast som ein stor ulempe for nokre og nokre oppfører seg deretter. Utfordringa ligg i å møte desse personane med respekt.

Når eg har prosjekt(ar) gåande blir det mange oppgåver som skal løysast, mange ballar kasta opp i lufta samtidig. Så byrjar dei å dette ned på deg og nye oppgåver må løysast for at prosjektet skal ha si framdrift. Dette kan til tider vere utfordrande og krevjande, men det er òg dette som er morosamt med å jobbe med prosjekt.