Møt tilsette

Kulturkonsulent

Klikk for stort bileteMathias Tvedten er ein av to engasjerte kulturkonsulentar. Han legg til rette for gode kulturopplevingar for ungdom.

Kva jobbar du med i Ålesund kommune?

Eg jobbar som kulturkonsulent i Ålesund kommune. Det skjer mykje spennande i kulturavdelinga for tida – eg, saman med min kollega Lin Marie, har hovudansvaret for å skape kulturprosjekt og kulturopplevingar for ungdom i kommunen. Det er eit fritidstilbod, men det skal likevel vere høg kvalitet på innhaldet, og lav terskel for å bli med. Derfor jobbar vi mykje med å få tak i dei riktige personane som er med på å skape innhaldet. Vi jobbar òg mykje ut mot ungdommen for å involvere dei, med å gje dei ansvaret for både produksjon og innhald i prosjekt. I tillegg til sjølve innhaldet i prosjekta jobbar eg mykje med det rundt, f.eks. kontakt og promotering i sosiale medium, rigging, vertskap for workshophaldarar, kjøring hit og dit, og elles det som det måtte vere behov for. I tillegg har eg driftsansvaret for kulturverkstadet Vibes.

Kvifor valte du yrket ditt?

Eg valte yrket mitt fordi eg alltid har vore interessert i kulturuttrykk og spesielt song og musikk. Eg synes òg det er spennande og givande å jobbe med ungdom.

Fortell oss om di jobbreise (erfaring)?

Eg studerte song og musikk fram til 2016. Under og etter det har eg jobba som vertskap på Det Norske Teateret i Oslo og Kilden kulturhus i Kristiansand. Eg har òg jobba freelance som songar/artist, som kordirigent og som songpedagog i kulturskulen.

Kva utdanning kan ein ta for å jobbe med det du gjer?

Utdanning innan organisering og administrering er veldig relevant for denne stillinga, i tillegg til kulturfag. Pedagogikk er heller ikkje dumt. Det er òg ein fordel å kunne noko om markedsføring gjennom sosiale medium. I tillegg er dette ein jobb som krev at ein er god til å kommunisere med andre, da spesielt ungdommar.

Eg er utdanna songpedagog ved Universitetet i Agder og har gått musikk/teaterlinja ved Bårdarakademiet i Oslo.

Kva synes du er kjekt og spesielt med jobben din?

Det kjekkaste med jobben min er å sjå at ungdommane som kjem på aktivitetane våre kosar seg, og får lov til å gjere det dei likar, saman med andre. Det er òg veldig fint å sjå korleis ungdommane utviklar seg, både kunstnarisk og sosialt. Det er fantastisk å sjå korleis 50 ungdommar kjem for å støtte opp om en 14 år gamal gut som har sin aller fyrste konsert på Vibes! Det er fint å ha fridommen til å kunne styre sin eigen arbeidskvardag, treffe hyggelege kollegaer kvar dag, og jobbe mot innbyggarane i Ålesund kommune.

Kva er utfordringane med jobben din?

Det kan vere utfordrande å kjenne på at ein kunne «ha gjort meir». Dette er ein jobb utan avgrensing, i den forstand, at ein alltid kan jobbe litt meir med promotering, gjere opplegget enda betre, og finne og skape akkurat dei prosjekta som er populære blant dagens ungdom. Det er òg noko kvelds- og helgearbeid som gjer at «kabalen» heime må leggast smart.

Til toppen