Arbeidsområde

Velkomen til oss

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU. 

Dei tekniske verksemdene har sine hovudoppgåver innan planlegging, utbygging, drifting og vedlikehald av tekniske anlegg og tenester i kommunen.

Kommunen skal yte ei rekke tenester av høg kvalitet til alle innbyggjarane. Ein effektiv administrasjon er viktig for å nå dette målet. Rådmannen støttast derfor av stabsområde og fagstabar.

Velferd og sysselsetting yter fagleg og menneskeleg støtte for personar i varierte livssituasjonar, og arbeider med tilrettelegging for ein kvalitetsmessig velferd for kommunen sine innbyggjarar.

Kommunalområdet Barn, familie og integrering yter ulike tenester retta mot barn og familiar.

Innanfor helse og omsorgsverksemdene ytast det helse – og pleietenester til alle innbyggjarane som har behov for eller krav på slike tenester.

Kommunen sine skular og barnehagar skal bidra til å skape trygge oppvekst – og opplæringsvilkår for barn og unge. Det er ein lærings- og utviklingsarena kor ein skal leggje til rette for læring av kunnskapar og ferdigheiterr, slik at barn og unge kan utvikle seg og bruke sine evner i eit fellesskap.

Kultur er meir enn berre kino og teater! Verksemder som yter tenester innan kultur har ansvar for å leggje til rette for varierte aktivitets – og fritidstilbod til alle innbyggjarar, unge som eldre.

Til toppen