Middag på døra

Er du, eller nokon du kjenner, ikkje i stand til å lage middag sjølv? Då kan du søkja om å få levert middag heim frå Ålesund kommune.

Kven kan få tenesta?

Dersom du har eit særleg hjelpebehov på grunn av sjukdom, funksjonshemming, alder eller av andre årsakar, vil du kunne få levert middag heim.

Om maten som blir levert

  • Ålesund og Skodje: Maten blir levert kald i porsjonspakningar, éin dag i veka.
  • Sandøy og Ørskog: Leverer ut varm mat.

Meny

Menyen er variert og ernæringsriktig samansett. Dei med allergiar vil få tilpassa mat. Vi anbefalar at du vel ekstrarettar som supper og dessertar. Du oppgir dine ønskje i søknaden din, eller i vidare dialog med oss i kommuna.

Sjå meny for Ålesund sentralkjøkken

Pris

Sjå pris for middag.

Endringar i bestillinga

Du som har avtale om matombringing kan bestille, avbestille og endre avtalen om levering:

  • Normalkost kan avbestillast eller endrast seinast kl. 08.45 den dagen vi leverar.
  • Diett- og spesialkost kan avbestillast eller endrast seinast kl.15.00 torsdagen før den dagen vi leverar.
  • For å avslutte all levering må du gi beskjed seinast tre virkedagar før siste levering.

Ved endringar i bestillingar eller avslutting av tenesta, må du gi beskjed til kjøkkenet du bestilte middagen frå. Dersom middagen ikkje kom som avtalt, må du gi oss beskjed.

Kontakt

  • Ring Sentralkjøkkenet på telefon 70 16 45 10 eller 90 89 77 56 på kvardagar mellom klokka 08.30 og 15.30.
  • For Sandøy, ring kjøkkenet på telefon 70 16 57 00.
  • For Ørskog, ring kjøkkenet på telefon 70 16 59 79.
  • Du kan óg gi beskjed til din kontaktperson i heimesjukepleien, eller til Etat for tenester til utviklingshemma.

Slik søkjar du

Du kan kontakte kommuna for å få hjelp til å søkja om matombringing, eller du kan be andre hjelpe deg om du har behov for det. Dersom ein annan søkjar på vegne av deg, må vedkommande ha fullmakt. Du søkjar i eige skjema. I søknaden må du oppgi kor mange dagar i veka du ønskjer å få levert middag.  Minste bestilling per veke er 3 middagar.

Søk om å få middag på døra

Lover og retningsliner

Dette vil for personar som er heilt avhengige av praktisk hjelp, vere ei lovpålagt teneste. Personar som ikkje er heilt avhengige av hjelp, kan óg søkja om tenesta. Tenesta vil i desse tilfella ikkje vere lovpålagte.

Sjå mellom anna:

  • Helse- og omsorgstenestelova § 3-2.
  • Forvaltningslova
  • Helse- og omsorgstenestelova
  • Lov om sosiale tenester

Ansvarleg for tenesta