Tilrettelagt arbeid og aktivitetOm du har behov for eit arbeids- eller aktivitetstilbod og er over 18 år, og ikkje deltek i ordinært arbeid, kan dette vere eit aktuelt tilbod for deg. Kva tilbod har vi? Vi har ulike arbeidstilbod der vi blant anna utfører vare-/tenesteproduksjon for den lokale marknaden, som for eksempel vedproduksjon, tekstil, saum, strikk, pakking og montering for bedrifter, arbeid i uteområde, vaktmeisteroppdrag, bodteneste, interne serviceoppgåver i eiga verksemd og arbeid/undervisning i kjøkken. Av ulike typar tilbod innan aktivisering kan vi nemne musikk, sansestimulering, kommunikasjon og trening på sosiale ferdigheiter Vi har også eigne butikkar med sal av eigen produksjon Tilbodet skal bidra til meistring og sosialt fellesskap. Difor blir det lagt til rette for arbeid, fysiske, sosiale og kulturelle tilbod. Kven kan få hjelp? Du skal ha fullført vidaregåande opplæring, og ha fått ei arbeidsevnevurdering frå NAV. Du kan også få arbeid/aktivitetstilbod med utgangspunkt i eigen bustad. Det blir vurdert at det blir gitt eit arbeids- eller aktivitetstilbod nær der du bur. Kvar finn du oss? Avdelingar Sorenskriver Bulls Gate arbeids og aktivitetstilbod og butikk Borgundvegen aktivitetstilbod for eldre med funksjonsnedsettingar Hatlasvingen 46, aktivitetstilbod Prestemarka, arbeids- og aktivitetstilbod Brattvåg, aktivitetstilbod Transport Meir informasjon kjem. For andre lokale tilbod som kan vere aktuelle å søke på, ta kontakt med NAV. Sjå 13 Pluss - etter skuletidtilbodet (tilsvarande SFO for barneskule) Søke om plass Søknad skal sendast til Ålesund kommune, Tildelingskontoret, postboks 1521, 6025 Ålesund. Frist for søknad er 01. mars. Tildelingskontoret vurderer i samråd med søker og/eller verge behovet for plass som blir innvilga som heil- eller deltidstilbod. Det skal ikkje betalast eigenandel. Vedtak om aktivisering for eldre med funksjonsnedsettingar blir gitt for eit år av gangen. Skjema for helse- og omsorgstenester Dersom du ikkje kan bruke digitalt skjema, og ønsker tilsendt pdf, ta kontakt med Innbyggartorget på tlf.70 16 20 00. Lenker Sydvesten på Facebook Etter skuletidordning (13 pluss) (er under harmonisering) NAV Vekst Ålesund AS Brisk Spesialistbedriften Vekst Ørskog Vekst Haram Ansvarleg for tenesta Arbeid og aktivitet Sist endra 30.01.2023 15.06