Formålet med ordninga er å førebyggja isolasjon og bidra til auka livskvalitet. Den som har ein funksjonsnedsetting som gjer at ein treng følgje for å delta på kultur- og fritidsarrangement eller nytte offentleg transportmiddel, skal med følgjekortet kunne ha med seg eit følgje, utan at den personen treng å betale for billetten.
Kven kan få følgjekort?
Du kan få følgjekort dersom du har ei fysisk eller psykisk funksjonsnedsetjing som varer i minst to år, og treng følgje for å delta på aktivitetar eller bruke transporttilbod. Det er ingen aldersgrense, og økonomi har ikkje betydning for om du får følgjekort.
Korleis bruke følgjekortet?
- Du betaler billett for deg sjølv. Følgjepersonen får gratis eller rabattert billett.
- Du bestemmer sjølv kven som skal vere følgjeperson, og det treng ikkje vere den same personen kvar gong. Følgjepersonen må ha fylt 16 år.
- Kva rabatt følgjepersonen får, blir bestemt av den enkelte arrangøren.
- Du kan også bruke følgjekortet på transporttilbod som godtek ordninga.
Ordninga er landsdekkjande, og du kan nytte følgjekortet på tvers av kommunegrenser.
- Arbeideren
- Atlanterhavsparken
- Barnas lekeland
- Brattvåg kino
- Bybadet Ålesund
- Epic AktivPark
- Escape room
- Fiskerimuseet
- Gomerhuset
- Håp i havet
- ID-huset
- Jugendstilsenteret og KUBE
- Løvenvold kino
- Middelaldermuseet
- Moa svømmehall
- Odeon kino
- Parken kulturhus
- Sportsparken Vegsund
- Sunnmøre museum
- Terminalen byscene
- T2 Ålesund
- Ørskogfjell skisenter
- Ørskog kino
- Aalesunds FK – heimekamp: Følgjekort er akseptert, mot at kortinnehaver har ein billett. Ledsager kjem då gratis inn. Det er ikkje mogleg å kjøpe billett til ledsagere
gjennom nettsida. Dette må gjerast i billettluka, eller ved å sende ein e-post til billett@aafk.no
- Fjord 1 - ferge og hurtigbåt
- VY - både du og følgjepersonen får 50 prosent rabatt
- Hurtigruten - både du og følgjepersonen får 50 prosent rabatt
- Fram MR - alle busser i Møre og Romsdal, også FRAM Ekspress (ved reise til og fra helsehjelp skal pasientreiser.no benyttes)
Nokre av stadene i Norge du kan bruke følgjekortet:
- Atlanterhavsparken
- Bjørneparken
- Bø Sommarland
- Bybadet i Ålesund
- Dyreparken i Kristiansand
- Epic Aktiv Park, Digerneset
- Hunderfossen (har og «Først i køen»-bevis)
- Kongeparken
- Langedrag (Halv pris til ledsager)
- Lilleputthammer (kun 1 følgje får gratis adgang)
- Namsskogan Familiepark
- Polaria i Tromsø
- Tusenfryd
- Valldal aktivitetspark (Følgje får redusert pris)
- Ørskogfjell skisenter
Om du ser noko som manglar inne på lista, er det fint om du sender ein e-post til sjoholt.innbyggartorg@alesund.kommune.no , så får vi supplert.
Pris
Det er gratis å få følgjekort. Mistar du kortet, må du betale kroner 70,- for å få laga eit nytt.
Sjå pris for følgjekort.
Slik søkjer du
Søk følgjekort/ledsagerbevis
Når du søker, må du legge ved:
- eit bilete av nyare dato og god kvalitet.
- ei stadfesting frå lege eller anna helsepersonell som viser at du har behov for følgjeperson for å kunne delta på aktivitetar.
Treng du hjelp med søknaden, kan du kontakte innbyggartorget.
Det er ingen søknadsfrist. Vi behandlar søknader fortløpande.
For barn blir kortet som regel gitt for tre år om gongen. For vaksne blir det som regel gitt for minst to år om gongen. Skal du fornye følgjekortet, må du sende inn ein ny søknad.
Klage
Dersom du får avslag på søknaden, kan du klage på vedtaket. Klagefristen er tre veker frå du fekk melding om vedtaket. Klagen må vere skriftleg, grunngitt og signert.
Send klagen til Ålesund kommune, postboks 1521, 6025 Ålesund.