Helseplattformen

Helseplattformen

Ålesund kommune vil etter planen kople seg til Helseplattformen 29. april 2023. 

Vi gjer dette fordi: 

  • Vi treng ei ny felles elektronisk journalløysing som erstatning for dagens ulike løysingar.
  • Vi når det nasjonale målbildet «Ein innbyggar – ein journal».
  • Vi får betre samhandlingsløysing mellom dei ulike nivåa i helsetenestene, og reduserer risikoen for pasientskade.

Kva er Helseplattformen?

Helseplattforma er ein ny, felles pasientjournal for heile helsetenesta i Midt-Noreg. I dag ligg helseopplysningane dine i fleire ulike datasystem som ikkje snakkar med kvarandre. Som pasient må du gjenta historia di kvar gong du møter ein ny person i tenesta. Med Helseplattformen vil du no få EIN journal som skal følgje deg i alle møte med helsetenesta. At helsepersonell har tilgang til rett informasjon til rett tid, samla på ein og same plattform, vil også auke pasienttryggleiken din.

Helseplattforma har laga ei eiga side, der du kan få meir informasjon:

Spørsmål og svar om Helseplattformen

Korleis kan eg få tak i pasientjournalen min?

Med Helseplattformen kjem også HelsaMi. Dette er den digitale inngangen din til helse- og omsorgstenester. ​Gjennom HelsaMi kan du mellom anna få oversikt over helseopplysningar og ha dialog med helsepersonell.

Du kan bruke HelsaMi som ein eigen app, men du kan også logge inn på nettsida. 

Sjekk ut nettsida HelsaMi

Er det trygt?

HelsaMi er like sikkert som nettbanken. Du loggar deg inn med BankID, Buypass eller Commfides. Alle har tryggingsnivå 4 som er det høgaste tryggingsnivået.

Film om Helseplattformen

Helseplattformen skal binde saman heile helsetenesta i Midt-Noreg på ein ny måte.

Til toppen