Startlån og bustønad, tilskot til prosjektering og tilrettelegging av bustad

Kort fortalt:

  • Du kan søkja om bustønad dersom du har lav inntekt og høge utgifter til bustad.
  • Startlån skal hjelpa personar som ikkje får lån i vanleg bank til å kjøpe eigen bustad.
  • Du kan søkja om stønad for å tilpasse bustaden din dersom du har nedsett funksjonsevne.

Startlån og bustadtilskot til etablering

Du kan få startlån til:

  • Kjøp av bustad
  • Bygging av bustad
  • Refinansiering som er nødvendig for å behalde bustaden
  • Tilpassing av bustad dersom du har behov for dette som følgje av nedsett funksjonsevne.
  • Utbetring av bustad

For å få startlån må du ha langvarige vanskar med å finansiere bustad. Samtidig må du ha høg nok inntekt til å kunne betale avdrag og renter på eit startlån

Bustaden skal vere eigna, nøktern og dekke husstanden sine rimelige bustadbehov.

Du kan lese meir om startlån på Husbanken sine nettsider.

Bustønad

Bustønad er ei stønadsordning for deg som har låg inntekt og høge bu-utgifter.

Husbanken og kommuna samarbeid om bustønad-ordninga. Husbanken gjer vedtaket, men det er kommuna som registrerar søknadane og har all kontakt med deg som søkjar. Søknad til bustøtte gjerast digitalt. Dersom du ikkje er digital, kan du søkja på papir. Søknadsskjema på papir må sendast som brev til kommuna eller leverast inn på eit av innbyggartorga.

Du kan søkja bustønad på Husbankens nettsider. Her finn du òg søknadsskjema på papir.

Du kan lese meir om bustønad på Husbanken sine nettsider

Tilskot til tilpassing av bustad

Du kan søkja om tilskot for å tilpasse bustaden slik at du kan fortsette å bu i den, om du har nedsett funksjonsevne.

Tilskotet kan brukast til enkle tiltak som å fjerne tersklar for å betre tilkomsten til bustaden, men òg til større ombyggingar for å leggje til rette bustaden i høve til ei funksjonsnedsetting.

Tilpassinga må vere føremålstenleg, fungere over tid og ha samanheng med funksjonsnedsettinga.

Du kan lese meir om tilpassing av bustad på Husbanken sine nettsider.

Sjå dine bustadlån frå kommuna

Har du lån i Ålesund kommune, har du tilgang til MinSide hos Intrum Låneadministrasjon.

Her kan du få:

  • Oversikt over innbetalingar
  • Nedbetalingsplan
  • Kontoutskrift
  • Årsoppgåve
  • AvtaleGiro
  • Utsette betaling
  • Endre forfallsdato
  • Kontakte Intrum låneadministrasjon

MinSide fungerar både på mobil, nettbrett og datamaskin. Du må ha BankID som autentisering for å logge på.

Du loggar inn på MinSide her: Låneadministrasjon

Her finner du artikkelen på bokmål (PDF, 43 kB)

Kontakt

Søk etter kontaktinformasjon