TuberkulosekartleggingAlle flyktningar, asylsøkarar og alle personar frå land med høg førekomst av tuberkulose, som skal vere over tre månader i Norge, har plikt til å la seg undersøkje for tuberkulose. Sist endra 10.07.2023 15.08 Sjå kva land som har høg førekomst av tuberkulose. I flytskjemaet i linken under kan du få meir informasjon om undersøkinga. Rutineundersøking for tuberkulose når du kjem til Norge. Kartlegging av tuberkulose når du kjem til Norge, blir enten gjennomført ved fastlegekontor eller hos helsetenester som har dette definert i si teneste. Tenestestader som utfører denne undersøkinga, vil sende deg ei innkalling. Andre: Du må også kontrollere deg for tuberkulose dersom du: jobbar innan helse- eller barneomsorg, og har vore på reise i eitt av desse landa i meir enn tre månader har jobba i helsetenester i desse landa, sjølv om opphaldet var kortare enn tre månader jobbar både i Norge og utlandet over tid, då er det viktig at du tar tuberkulosekontroll regelmessig Folkehelseinstituttet si oversikt over grupper med plikt til tuberkulosekontroll Dersom du har plikt til å kontrollere deg for tuberkulose jf. nemde kulepunkt, tar du kontakt med fastlegen din. Folkehelseinstituttet sine temasider om tuberkulose Forskrift om tuberkulosekontroll