Sjølvtest for seksuelt smittsame sjukdommar

Ved helsestasjon for ungdom på Moa (HFU Moa, Moa Helsehus, 2. etasje, inngang sør) kan du teste deg sjølv for seksuelt smittsame sjukdommar.  Alle som har hatt ubeskytta sex med ein partner som ein ikkje kjenner smittestatusen til, bør teste seg for kjønnssjukdommar.

  • Viss du ikkje har symptom: Møt opp i opningstida. Finn skjema for sjølvtest i boks på gangen. Testutstyr finn du på toalettet saman med vidare instruks for sjølvtest. Lever inn utfylt sjølvtestskjema i postkasse på gangen.
  • Viss du har symptom: Dropp inn i opningstida og meld deg i ekspedisjonen.
  • Testen er gratis.
  • Opningstid HFU Moa er onsdagar og torsdagar frå kl. 14.30 - 19.00 (lege er til stades mellom kl. 16.00 - 19.00).

Du kan ta sjølvtest av seksuelt smittsame sjukdommar (SOI) ved HFU på Moa.

  • Vi kan teste deg for dei vanlegaste kjønnssjukdommane, som klamydia, gonoré og mycoplasma.
  • Testen blir gjennomført ved hjelp av ei urinprøve for gutar, og vaginal testpinne for jenter.
  • Det tar 7-14 dagar før du får svar.
  • Vi ringer deg dersom du har ein påvist infeksjon.
  • Om du ikkje har symptom, kan du ordne testen sjølv. 

Kjønnssjukdommar har det til felles at dei kan smitte ved vaginal-, anal- eller oralsex utan bruk av kondom. Dei gir ikkje alltid symptom. Ein kan altså føre smitte vidare til andre, utan å vite at ein sjølv er smitta. Difor er det viktig å teste seg kvar gong du har hatt ubeskytta samleie med ny partnar.

Det kan ta opptil 14 dagar frå du blei smitta (med for eksempel klamydia) til det viser resultat på ein test.

Vi anbefalar deg at du ventar 14 dagar etter det ubeskytta samleiet før du testar deg.

Ved positiv test på klamydia og gonoré blir du behandla med antibiotika, som er gratis. Då skal også alle seksualpartnarar dei siste 6 månadene kontaktast for tilbod om testing. Dette kan gjerast anonymt av helsesjukepleiar.

Mykoplasmabehandling må du sjølv betale.

Meir informasjon om dei ulike kjønnssjukdomane finn du på Helsenorge.no eller Sex og samfunn.