Informasjon til deg som er nybakt forelder

Når du kjem heim frå sjukehuset med eit lite spedbarn, kan det vere mykje du er usikker på.

  • Vi rår deg til å vere selektiv med tanke på kva slags informasjon du veljer å leggje vekt på. Ikkje all tilgjengeleg informasjon er god eller riktig.
  • Bruk gjerne helsesjukepleiar som følgjer opp barnet til å kvalitetssikre det du har lest eller høyrt.
  • Vi anbefalar https://www.helsenorge.no som ei trygg og god kjelde til informasjon. 
  • Les om kva som skjer på helsestasjonen helsestasjon 0-5 år - Helsenorge

Vanlege ting du kan lure på om den nyfødde

Det kan dukke opp mange spørsmål om babyen dei første dagane etter heimreise frå sjukehuset.

Svar på mange av dei vanlegaste tema foreldre tar opp i barseltida finn du her

Kva gjer eg når eg er usikker på om alt er bra med barnet? 

Ta kontakt med lege eller helsestasjonen dersom du trur at barnet ikkje legg på seg. Kontakt lege snarast dersom du trur at barnet ditt kan vere sjukt. Om du ikkje får kontakt med legen, ta kontakt med Legevakta.  Feber hos barn under 3 månader er uvanleg og lege skal då kontaktast.

Dersom det oppstår noko med barnet eller med deg relatert til fødsel og barseltid som helsestasjonen ikkje kan hjelpe med, kan du kontakte barselpoliklinikken innan dei første dagane etter heimkomst. 

Avdeling for fødsel og barsel, Ålesund sjukehus telefon 70 10 59 30

Når får barnet mitt tilbod om dei ulike vaksinane

Her finn du ei oversikt over når barnet får tilbod om dei ulike vaksinane i barnevaksinasjonsprogrammet. Informasjon om dei enkelte vaksinane er omsette til fleire språk. Når får barnet ditt tilbod om dei ulike vaksinane? - FHI

Kor ofte skal barnet mitt ete? Får barnet mitt nok mjølk? 

Du kan få råd og rettleiing om amming av helsesjukepleiar på helsestasjonen. Ta kontakt med din helsestasjon for å bestille ein time. 

Dersom barnet ikkje får morsmjølk, eller barnet treng tillegg til morsmjølka, må barnet få morsmjølkerstatning.

Les om anbefalingar og råd om morsmjølkerstatning på Helsenorge.

Kva gjer eg når barnet mitt græt?

Vanlege årsaker til at barnet græt, kan vere at det er svoltent, at det har behov for eit bleieskift, at det er trøytt, eller har behov for kontakt og kos. Gråtinga til ein baby aukar om lag ved 2 vekers alder, og toppar seg rundt 2-3 månaders alder. Deretter minkar gråtinga. Nokre babyar græt 5 timar i døgnet, andre berre nokre minutt. Dette er normalt. Gråtinga kan vere frustrerande for deg og andre som passer barnet.

Sjå desse filmane som forklarar kva du kan gjere for å takle dette:

Kva gjer eg dersom eg opplever kvardagen som tung og vanskeleg?

Å få barn er noko av det største som kan skje i livet. Samtidig er det ikkje uvanleg å bli nedstemt eller deprimert i tida etterpå. Det er ikkje lett å vite kor grensa går mellom ein normal tilstand og ein depresjon . Ved 8 vekerskontrollen har vi fokus på deg som forelder og di psykiske helse. Husk, vi er her for deg!

Eg har overskot av morsmjølk. Kven kan trenge overskotet mitt, og korleis blir eg mjølkegivar?

Mjølkebanken ved Ålesund sjukehus treng givarar. Kvar dråpe er gull verd. 

Les meir om korleis du kan bli morsmjølkgivar (PDF) (PDF, 444 kB)

Mjølkebanken forsyner for tidleg fødde og sjuke nyfødde barn med morsmjølk frå givarar. Morsmjølk er den beste næringa dei kan få, med tanke på å hindre infeksjonar og styrke immunforsvaret. Morsmjølka er unikt tilpassa stoffskiftet og fordøyelseskanalen til det nyfødde barnet.

Krava til ein morsmjølksgivar er tilnærma lik krava som vert stilt til blodgivarar. Den som gir mjølk skal ikkje vite kven som mottar mjølka, og mottakaren skal ikkje vite kven som har gitt mjølka. Morsmjølkbanken har likevel ei slik oversikt, og kan spore mjølka frå givar til mottakar og omvendt.