Barn og unges helseteneste

Ålesund kommune er med i satsingen "Barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal". Med samarbeid på tvers av kommunane og spesialhelsetenesta skal vi tilby meir samordna og heilheitlege helsetenester til barn og unge som opplever psykiske helseplager.

I satsinga "Barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal" har brukarane av kommunale tenester og spesialisthelsetenesta saman med fagfolk samarbeidd om å utvikle samhandlingsforløp for dei sju vanlegaste psykiske helseplagene hos barn og unge. Forløpa fungerer som eit kart over tenestene og gir oversikt over dei ulike rollene og ansvarsområda til tenestene. Forløpa er først og fremst laga for fagfolk i tenestene, men informasjonen er tilgjengeleg for alle. Det finst eigen informasjon for barn, unge og foreldre/føresette.

Vil du vite meir?

Eit kart over tenestene for barn og unge på Helse Møre og Romsdal 

Eit kart over tenestene for barn og unge på Helse Fonna 

Kontakt

Prosjektkoordinator Barn og unges helseteneste i Ålesund kommune, Vanessa Følsvik Lyshol