Fritak frå aktivitetar i opplæringa

Fritak frå aktivitetar i opplæringa

Elevar får fritak frå undervisning dersom dei føresette eller elevane sjølve opplever at ho inneber å utøve ein annan religion eller eit anna livssyn enn sitt eige. Føresette må sende skriftleg melding til skolen.

Skolen skal vise respekt for elevane og foreldra sine religiøse og filosofiske overtydingar og sikre retten til likeverdig opplæring.

Elevar skal etter skriftleg melding frå foreldra få fritak frå dei delar av undervisninga ved den enkelte skolen som dei ut frå eigen religion eller eige livssyn opplever som utøving av ein annan religion eller tilslutning til eit anna livssyn, eller som dei på same grunnlag opplever som støytande eller krenkande. Det er ikkje nødvendig å grunngi melding om fritak etter første punktum.

Det kan ikkje krevast fritak frå opplæring om kunnskapsinnhaldet i dei ulike emna i læreplanen. Dersom skolen på eit slikt grunnlag ikkje godtar ei melding om fritak, må skolen behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova.

Skolen skal ved melding om fritak sjå til at fritaket blir gjennomført, og legge til rette for tilpassa opplæring innanfor læreplanen.

Skoleeigaren skal årleg informere elevane og foreldra til elevar under 15 år om reglane for fritak og om innhaldet i opplæringa.

Elevar som har fylt 15 år, gir sjølv skriftleg melding.
 

Veileder frå Utdanningsdirektoratet om skolegudstjenester
 

Søk om fritak frå religionspregede aktiviteter i skolen

 

Ansvarleg for tenesta

 

 

Til toppen