Verkstad da Vinci

Verkstad da Vinci er eit program for å styrke estetiske læringsprosessar i skulen. Besøk gjerne vår nettside her.

Verkstad da Vinci logo - Klikk for stort bilete

Målgruppe

Verkstad da Vinci som eit fast program for elevar og lærarar på 5.trinn. Vi tek imot om lag 650 elevar i året til verkstader og om lag 70 lærarar til kurs.

Innhald

Verkstad da Vinci er eit pedagogisk opplegg der elevar og lærarar på 5.trinnet får treffe profesjonelle kunstnarar gjennom kunstnarmøter og verkstadar. Elevane får kome på besøk til Verkstad da Vinci sitt eige kulturrom i Ålesund sentrum!

På Verkstad da Vinci får elevane jobbe med avanserte estetiske læringsprosessar gjennom å møte profesjonelle, skapande kunstnarar som arbeidar innan alle kunstformer som

  • visuell kunst
  • dans
  • teater
  • musikk
  • performance
  • skrivekunst
  • animasjon

Kvar klasse for tilsendt eit forarbeid før dei kjem til verkstad, og eit etterarbeid som skulen kan jobbe med på eigenhand.

Verkstadane er òg forankra i dei fleste skulefaga, slik at ein oppnår den tverrfaglege djupnelæringa utdanningsdirektoratet beskriv at skulen skal arbeide for, i Kunnskapsløftet 2020.  

Modellen vi nyttar i Verkstad da Vinci skal ivareta skulen sine ønsker og behov, læreplanens formål, samt kunsten sin eigenverdi. Elevane som tek del i verkstadane arbeidar prosessbasert med leik og læring i samhandling, og skal få gode læringsopplevingar der dei får kjenne på mestring!

Invitasjon til kunstnarar for 2025

Påmelding

Kontaktlærar kan melde på klassen sin på nettsiden til Verkstad da Vinci.

Bestill verkstad for skoleklassen

Påmeldingsfrist for skoleåret 2024-25 er 15. juni 2024.

Vil du vite meir?

Prosjektleiar for Verkstad Da Vinci er Mariann Bjørkavoll Lervåg.

Ansvarleg for tenesta