Det er ikke anledning å søke om redusert foreldrebetaling for barnehageåret 2022/2023 enda. Link til søknadsskjemaet vil komme på denne siden når det er klart.
Frå 1. januar 2022 vil alle barn som bur i hushaldningar med samla årsinntekt under 607 750,- kroner ha rett til redusert foreldrebetaling.
Dersom søknaden om redusert pris blir godkjent gjeld det for eitt barnehageår om gongen. Du må difor søke på nytt kvart barnehageår. For søknader som kjem inn innan 1. august, vil reduksjon i foreldrebetalinga gjelde heile barnehageåret. For søknadar som kjem inn frå og med 2. august, vil reduksjonen gjelde frå neste heile månad. NB! Søknaden vil ikkje bli behandla før dokumentasjonen er fullstendig.
Alle 2-, 3-, 4- og 5-åringar, og barn med utsett skolestart, som bur i husholdningar med låg inntekt, har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke. Dette blir kalla gratis kjernetid. Inntektsgrensa for å få innvilga gratis kjernetid er satt til 583 650,- kroner frå 1. august 2021.
Slik søker du om redusert betaling
-
Du må søke om reduksjon i prisen. Det er hushaldninga si brutto inntekt som blir lagt til grunn. Inntektsgrensa er sett til 607 750,- kroner.
-
Kostpengar kjem i tillegg og blir fastsett av styret/eigar for barnehagen. Summen varierer i dei ulike barnehagane.
- Det skal betalast for 11 månader
Søknadsskjema for barnehageåret 2021/2022