Overgang frå barnehage til skole og SFOÅ starte på skolen er ei stor hending i alle barn sitt liv. Barnehagane og skolane samarbeider for at overgangen frå å vere barnehagebarn til å bli skoleelev skal bli trygg og god. Sist endra 29.05.2024 10.41 Ålesund kommune har laga ein plan for overgangen som skal sikre: ein god samanheng og progresjon i opplæringa som varetar fagleg og sosial utvikling for barnet – det siste året i barnehagen og det første året på skolen ein trygg skolestart for barn som begynner på 1. trinn og for deira føresette tidleg innsats for barn med særskilde behov gode rutinar for samarbeid mellom barnehagar, skolar og SFO Korleis førebu barna best mogleg til skolestart? Ein god overgang for det enkelte barn føreset utvikling av gode og trygge rammer, samt gode verdiar og gode haldningar. Barnehage, skole og føresette bør samarbeide omkring det enkelte barn si utvikling og læring. Kva skjer i barnehagen før skolestart? Barnehagen legg til rette for at barnet kan ta avskjed med barnehagen på ein god måte og gleder seg til å begynne på skolen. Barnehagen har eige pedagogisk opplegg for 5-åringene. Alle foreldre/føresette blir invitert til foreldremøte på hausten siste året i barnehagen. Der får dei presentert prosedyre for overgang barnehage – skole, blir orientert om barnehagen sitt pedagogiske opplegg og får diskutere si eiga rolle og medvirkning i overgangen. Det blir gjennomført overgangsmøte mellom barnehage og skole for dei barna som er greia ut av PPT eller som eventuelt har oppfølging gjennom andre instansar. Overføringsmøtet blir gjennomført etter ei eiga prosedyre. Korleis kan føresette bidra? Du som føresett kan bidra ved å: Samtale med barnet om kva tanker han/ho har om skolen, slik at barnet får realistiske forventningar til skolestart. Snakke positivt om skolen og gå skolevegen saman med barnet. La barnet få ei god døgnrytme med nok søvn og eit sunt kosthald. Hjelpe barnet til å bli mest mogleg sjølvstendig i påkledning og ved toalettbesøk. Kva skjer fram mot skolestart? Førskoleopplegg i barnehagane. Innskriving: Skolane sender ut invitasjon til innskrivingsdag, som vanligvis er i midten av januar. Dette er det første møtet med skolen. Registrering: Skolane sender ut eit brev om kva skole barnet har fått reservert skoleplass på. Dette blir sendt ut i midten av januar. Føresette skal bekrefte eller gjere endringar digitalt. Tilbod om skoleplass: Skolane sender ut eit brev med tilbod om skoleplass.Meir informasjonSjå brosjyre med informasjon til foreldre/føresette: Overgang frå barnehage til skule (PDF, 2 MB) / Overgang fra barnehage til skole (PDF, 2 MB) (bokmål).Ansvarleg for tenestaTeam oppvekst