Ulykkesforsikring av skole- og barnehagebarnÅlesund kommune har teikna kollektiv barneulykkesforsikring for alle barn i kommunale skolar og barnehagar. Dekninga gjeld ved ulykkesskade som rammar elevane. Sist endra 06.12.2022 09.13 Når gjeld forsikringa? Ulykkesskader som rammar barnet medan det, under leiinga ved skolen eller barnehagen, deltar i undervisning, på ekskursjon, reiser, stemner og liknande, samt i friminutt og på direkte veg til og frå skolen eller barnehagen. Ulykkesskader som rammar barnet medan det deltar i ein kvar aktivitet i regi av kommunen, inkludert kommunal kulturskole, utekontakt, SFO og skoleferietilbod. Ulykkesskader som rammar barnet medan det deltar på arrangement i regi av foreldrerådets arbeidsutval (FAU), når det er FAU som er arrangør. Kva dekker forsikringa? 5 G ved 100 % medisinsk invaliditet 1 G ved død Inntil kr 50.000,- for behandlingsutgifter ved ulykkesskade G er grunnbeløpet i Folketrygden som blir regulert årleg 01.05. Foreldre/føresette som ønsker å forsikre barna sine for høgare erstatningsbeløp enn det kommunen har gjort, blir anbefalt å kontakte sitt eige forsikringsselskap. Når forsikringa ikkje gjeld Forsikringa gjeld ikkje i fritida. Forsikringa gjeld ikkje for arrangement i regi av føresette (grillfestar, turar, utflukter m.v.), så sant slike tiltak ikkje skjer under leiinga ved barnehagen/skolens/FAU. Forsikringa dekker ikkje tap/skade av eigedelar, viss ikkje barnehagen eller skolen har vore aktlaus. Kven gjer kva i ei skadesak? Kommunen, foreldre eller føresette og forsikringsselskapet har ulike roller når det gjeld denne forsikringsordninga: Kommunens sitt ansvar: Kommunen skal fylle ut skademeldingsskjema i samarbeid med føresette. Foreldre og føresatte sitt ansvar: Foreldre og føresette melder hendinga til kommunen. Forsikringsselskapets ansvar: Forsikringsselskapet har ansvar for startsamtale og skadeoppgjer.