Ikkje alle vaksinane du får gjennom barnevaksinasjonsprogrammet, gir beskyttelse livet ut. Det er difor anbefalt påfyll av enkelte vaksinar i vaksen alder for å oppretthalde beskyttelse mot sjukdommane.
Det er anbefalt at vaksne tar vaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio omtrent kvart tiande år. Alle vaksinane kan gis samla i ei sprøyte. Anbefalinga gjeld for alle vaksne, ikkje berre dei som har tenkt seg på utanlandsreise.
Det kan også vere aktuelt med påfyll av vaksine mot meslingar dersom du er fødd før 1970 og ikkje har hatt sjukdomen. Folkehelseinstituttet har meir informasjon om oppfriskingsvaksiner for vaksne.
Dersom du treng ei oppfriskingsvaksine, ta kontakt med fastlegen din eller reisevaksinasjonskontoret på Sentrum helsestasjon.