Om helsestasjon for flyktningarHelsestasjon for flyktningar er eit gratis helsestasjonstilbod for flyktningar med butid under fem år i Ålesund kommune. Du har rett til gratis tolk. Sist endra 13.06.2024 10.09 Helsestasjon for flyktningar tilbyr deg:Ei gratis helseundersøking i løpet av dei tre første månadene etter at du kjem til NorgeHjelp til riktig oppfølging og førebygging av uheldig utviklingOppfølging jamfør helsestasjonsprogrammet Helseundersøkinga er frivillig og utførast i den kommunedelen du bor. Det er som oftast helsesjukepleiar som utfører helseundersøkinga.Helsepersonell har teieplikt. Det betyr at opplysningane du gir om deg sjølv, eller dine barn ikkje blir delt med andre. Dersom det er nødvendig å dele helseopplysningar, vil du bli spurt om du samtykker til dette.Kven kan få tenesta?For personar under 18 år er det ikkje eit vilkår at personen har lovleg opphald.For personar over 18 år utan lovleg opphald, gir lova berre rett på akutt helsehjelp.Helsestasjon for flykningar hjelper deg med:Å oppdage sjukdommar/plager/traume hos både barn og vaksneForeldrerettleiingÅ bli kjent med det norske hjelpeapparatetInformasjon om tvangsekteskap og kjønnslemlestingÅ handtere negativ sosial kontrollRettleiing i forhold til å vekse opp med to kulturarKor finn du tenesta?Du som er busett i Ålesund sentrum, i Moa-området eller i Blindheim-området finn tenesta på Sentrum helsestasjon, Korsegata 4 b, 1. etasje. Telefon: 70 16 43 20Du som er busett i Skodje, Ørskog eller Sandøy kan ta kontakt på Innbyggartorget på telefon 70 16 20 00 måndag - fredag mellom kl. 09.00 - 14.00 (telefontid).Ansvarleg for tenestaHelsestasjonstenesterInformation in English