Offentleg høyring – Forskrift om permisjon frå opplæringa Ålesund kommune

Det er vedteke ny opplæringslov som er gjeldande frå 01.08.2024. Den nye opplæringslova stiller krav om at kommunane må ha ei forskrift som regulerer permisjon frå opplæringa.

Opplæringslova § 2-2 seier dette om permisjon frå opplæringa:

 " Kommunen kan gi ein elev permisjon frå skolen dersom eleven får ei opplæring som samla sett er forsvarleg. Kommunen gir forskrift om permisjon frå skolen.

Ein elev som høyrer til eit anna trussamfunn enn Den norske kyrkja, har rett til permisjon frå skolen dei dagane trussamfunnet har helgedag, dersom foreldra sørgjer for den opplæringa som må til for at eleven skal kunne følgje med i opplæringa på skolen etter fråværet."

Ålesund kommune har per i dag ikkje forskrift om permisjon frå opplæringa, men har kommunale retningslinjer for søknad om permisjon/fri frå skolen utanom skolen sine ferie og fridagar. Dagens reglement gir anledning til å kunne gje fri inntil 10 skuledagar. Forskrifta som no er foreslått sendt ut på høring er nokon lunde lik, men det foreslås eit skille på fråvær frå om med fjerde dagen.

Ålesund formannskap gjorde følgande vedtak 12.03.2024:

Vedtak: 

1. Ålesund formannskap legg forslag til Forskrift om permisjon frå opplæringa Ålesund kommune ut på offentleg høring. 

2. Høringsinnspela blir vurdert, og endeleg forslag til Forskrift om permisjon frå opplæringa Ålesund kommune vert lagt fram for hovedutvalget for oppvekst og kultur og Kommunestyret våren 2024. 

Les meir om saka her

Forskrift om permisjon frå skulen i Ålesund kommune (PDF, 92 kB)

Merknader til høyringa

Innspel og merknader kan sendast på desse måtane til Ålesund kommune:

Merk e-posten eller brevet med: Offentleg høyring –  Forskrift om permisjon frå opplæringa Ålesund kommune

Ansvarlig for høyringa: Team oppvekst

Høyringsfrist: 05. mai 2024