Offentleg høyring- Forskrift om skolefritidsordning (SFO) i Ålesund kommune

Det er vedteke ny opplæringslov som er gjeldande frå 01.08.2024. 
Den nye opplæringslova stiller krav om at kommunane må ha ei forskrift om skolefritidsordninga(SFO).  

§4-5 i opplæringslova pålegg kommunane å ha ei lokal forskrift om SFO. Forskrifta som er vedlagt legg krava i den nye lova til grunn. Høyringa vil gi brukarane medvirkning og mogligheit å komme med innspel på den lokale forskrifta for SFO. 

 

Ålesund formannskap gjorde følgande vedtak 16.04.2024:

1. Ålesund formannskap legg forslaget til forskrift om SFO ut på offentleg høyring 

2. Høyringsforslaget vert sendt skolane, foreldreutvalget FAU, og samarbeidsutvalga med oppmodning om å gje innspel. 

3. Høyringsinnspela vert vurdert og endeleg forslag til forskrift om SFO vert lagt fram for Hovedutvalg oppvekst og Kommunestyret i mai/juni. 

Les meir om saka her

Forskrift om skolefritidsordning (SFO) i Ålesund kommune (PDF, 91 kB)

 

Merknader til høyringa

Innspel og merknader kan sendast på desse måtane til Ålesund kommune:

Merk e-posten eller brevet med: Offentleg høyring- Forskrift om skolefritidsordning (SFO) i Ålesund kommune

Ansvarlig for høyringa: Team oppvekst

Høyringsfrist: 30. mai 2024