Vedtak
Vedtak:
Refererte saker vert tatt til orientering, med følgande merknadar til referatsakene:
Brisingstubben - ny barne- og avlastningsbustad - budsjettramme etter innkomne tilbod:
Det er stort behov for ny barne- og avlastningsbustad i kommunen for barn og unge som treng dette. Lokala kommunen har i dag er lite eigna både for brukarane og dei tilsette, det er nødvendig med nytt bygg. Differansen frå opprinneleg vedtatt prosjektbudsjett er stor (frå 91,5 til 148 MNOK), men risikoen for auka driftsutgifter er større dersom vi utset eller reduserer denne investeringa.
Komiteen ber kommunestyret sjå heilskapen i tilbodet framfor innsparingar på kort sikt ved å eventuelt redusere investeringsramma. Satsing på barne- og avlasningsbustadar er ein del av omsorgstrappa som vi har forplikta oss på å styrke på lavare trinn.
Komiteen ber om at påfølgande driftsinnsparing på om lag 20 mill. etter at bustadane er kome i funksjon, må følgast opp av kommunalområde oppvekst i Ålesund kommune.
Komiteen ber om at uttalen følger med saka til kommunestyret.
Skolelederforbundet er bekymret for rekruttering for lederstillinger i skolen:
Komiteen inviterer leiaren i Skolelederforbundet og leiaren i utdanningsforbundet i Ålesund til komitemøtet vårt 2. mai.
Behandling
Kommunedirektøren si innstilling samt merknadar frå Anne Berit Støyva Emblem (A) og Njål Bele (A) samrøystes vedtatt.