Vedtak
Vedtak:
Komité for oppvekst ber om at administrasjonen legg fram ny saksutgreiing knytt til "Framtidig skolestruktur på Lepsøy, Haramsøy og Flemsøya". I utgreiinga skal følgjande punkt svarast ut:
• Ei økonomisk utgreiing basert på framleis drift av skulane, samanslåing av skulane og eventuell justering av skuletilbodet ved øyane. Utgreiinga skal ta for seg status i dag, og ikkje frå rapporten frå 2017. Det skal vere mogleg å vurdere forslaga frå arbeidsgruppa opp mot kvarandre, og framleis drift ved skulane skal vere 0-alternativet.
• Ei økonomisk og driftsmessig utgreiing om skulebygga. Kva innsparing kan ein få ved å legge ned skulane, men framleis ta omsyn til avtalar om samdrift ved Lepsøy samfunnshus og Nordøy grendahus, samt drift av den kommunale barnehagen som ligg i same bygg som Lepsøy skule.
• Ei økonomisk konsekvensanalyse om foreldre vel private skular på fastlandet, som til dømes Hildre montesorriskule. Kva konstnadar kan dette gje kommuna i dei komande åra?
• Ei økonomisk utgreiing av skuleskyss for elevar frå Lepsøy og Flem skular.
• Økonomiske konsekvensar for kommunen ved å leggje ned to grunnskular, basert på vedtak i tilleggsproposisjonen til statsbudsjettet i 2022.
Behandling
Cine Finstad Austnes gjekk frå under votering om habilitet. 16 voterande.
Cine Finstad Austnes erklært habil med 9 mot 7 røyster.
Desse stemte imot:
Ap: Njål Bele, Emil Korsnes
PDK: Ole Gerhard Steen
KrF: Jan Kristian Behrentz
H: Sunniva Bøstrand, Inger Synnøve Remme
R: Heidi Bjurbeck.
Alternativt forslag frå Tor-André Gram Franck (FrP) og tilleggsforslag frå Jan Kristian Behrentz (KrF) blei ikkje votert over. Dette fordi det var sett fram eit utsettingsforslag som fekk fleirtal.
Utsettingsforslaget frå Marit Nerås Krogsæter (Sp) vedtatt med 10 mot 7 røyster. Desse stemte imot:
Ap: Njål Bele
PDK: Ole Gerhard Steen
KrF: Jan Kristian Behrentz
H: Bjørn Sandnes, Sunniva Bøstrand, Inger Synnøve Remme
Å: Arne Aambakk