Vedtak
Uttale:
Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne viser til Planprogram,desember 2022, med desse måla:
-nullvisjon for drepne og hardt skadde.
-ambisjon om å oppfylle Noregs klima-og miljømål.
Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne peikar også på behov og ønske om å knyte kommunedelane Ørskog, Skodje, Vatne-Tennfjord, Reiakvam saman med eit nettverk av gang-og sykkelvegar.
Slik bruk vil gi auka trafikktryggleik, redusere biltrafikken og dermed lettare nærme seg nullvisjonsmålet. Betre tilgang på gang-og sykkelvegar vil også gagne folkehelsa og vere eit godt tilbod for mjuke trafikkantar, særleg born, eldre og folk med nedsett funksjonsevne.
Ved å bygge ut gang-og sykkelvegane vil ein ha måloppnåing vedkomande dei overordna strategiane (Folkehelsestrategi, Næringsstrategi, Strategi for tenesteutvikling , Nyskaping og Grøn strategi.) Det vil auke trafikktryggleiken, vere eit godt alternativ innan fritid og turisme, og betre folkehelsa.
Lange vegstrekk med gjennomfartsveg som lokalfolkesetnaden ikkje kan køyre inn på, men må bruke parallelle vegar, svarar ikkje på dei overordna måla for ny E39/136 som er ein felles bu-og arbeidsmarknad.
Kryss må byggast tett nok og vere slik plasserte at dei får trafikken vekk frå lokalvegane og inn på E39.
Redusert privatbilbruk er ein del av vegen mot å å oppfylle klimamåla, følgjande må ein legge til rette for auka bruk av kollektive reisemåtar som buss.
Dette inneber at busshaldeplasssane må leggast der folk bur.
Busshaldeplassen på Sjøholt er planlagt fjerna, noko som vil medføre at reisande frå Sjøholt må køyre privatbil anten ca 15 km mot vest eller ca 5 km mot Ørskogfjellet for å nå næraste busshaldeplass.
Dette vil eigenleg seie at eldre, menneske med nedsett funksjonsevne og andre utan privatbil, blir utan busstilbod.
Truleg vil også svært få privatbilbrukarar først køyre mange kilometer til ein busshaldeplass, parkere privatbilen der for så ta buss. I staden vert nok bussen droppa og bilen brukt til heile turen.
Skal privatbilismen minke og bruken av buss auke, må ein gjere det enkelt å velje bussen.
Viktige friluftsområde ligg tett opp til planlagde trasear. Det må sikrast god tilkomst til friluftsområda, hytteområda og dessutan ikkje kome i konflikt med bustadområde, landbruk , dyretrekk og dei nasjonale vernevedtaka i Solnørdalen.
Konklusjon:
Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne ber om at overskotsmasse blir brukt til :
-å realisere behovet for eit kommunalt nettverk av gang-og sykkelvegar.
-å vere ein ressurs for småbåtlag og andre som treng masse til forsterking avsmåbåthamner og moloar.
-omsynet til natur, miljø, dyreliv, lokalbefolkning skal vere avgjerande for trasevalet.
-Noreg sin signatur av Naturavtalen «Kunming -Montreal Global Biodiversity Framework» må vere forpliktande for trasevalet.
-busshaldeplassane må leggast der folk bur.
-busshaldeplassen på Sjøholt må bestå.
Behandling
Framlegget fremma av Jorunn Karin Vestre samrøystes vedtatt.