Midtbyen barnehage

Barnehagen ligg idyllisk plassert i Byparken i Ålesund sentrum, rett ved foten av byfjellet Aksla og berre ein kort spasertur frå alle historiske perler i Ålesund sentrum sentrum, som vi hyppig brukar som turmål.

Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon.

Barnegruppa inndelast i baser, hovudsakeleg etter alder med også etter behov. Barn og personale er fordelt på småbarnsbase og storbarnsbase med mindre barnegrupper ut frå alder internt på basen. Organisering og fordeling av barn og personale gjerast i etterkant av hovudopptaket kvart år.

Pedagogikk

Vårt verdigrunnlag bygger på eit fokus om å verdsetje barna som subjekt, på mangfald, toleranse og raushet overfor kvarandres forskjellar. Å anerkjenne barnet som subjekt, betyr at vi skal møte barna med ei likeverdig haldning og om å sjå barnet som eit eige individ.

Vi jobbar for å skape trygge relasjonar, og samspillet mellom barn og vaksne skal vere prega av ei omsorg som inneber anerkjennelse, heider, støtte og følelsesmessig innlevelse. Gjennom dette ønsker vi at barna skal kunne både lære seg å ta imot omsorg, - men også gi omsorg til kvarandre.

Dette er eit grunnleggande utgangspunkt i utviklinga av sosial kompetanse i eit livslangt læringsperspektiv.

Med fokus på psykisk helse som mellom anna handlar om at barna må bli i stand til å ta andre sine perspektiv, og dessutan òg lære seg å forstå andre sine kjensler, vise omsorg og empati.

Midtbyen barnehage årsplan 2022 - 2023 (PDF, 2 MB)

Fokusområde

  • Kvalitet i opplæring
  • Sosial kompetanse / relasjonell kapasitet (barnet i sentrum)
  • Språk
  • Digital praksis
  • Dokumentasjon og vurdering knyttet til voksenrolla og hverdagssituasjoner

Avdelingar

Midtbyen barnehage er godkjent for 62 barn fordelt på 2 avdelingar. Ein base er tilrettelagt for dei minste av barnehagebarna i alderen 1-2 år og storbarn er tilrettelagt for dei største barnehagebarna i alderen 3-6 år.

Opningstider

Opningstida til barnehagen er: 07.15 – 16.45

Barnehagen er stengt to veker på sommaren. Vi er stengde veke 28 og 29 sommaren 2022. I tillegg er barnehagen stengd julaften, nyttårsaften og bevegelege heilagdager/»raude dagar». Siste dag før påske er onsdag 31. mars. Då stenger barnehagen klokka 12.00.

Barnehagen er også stengt 5 planleggingsdagar kvart barnehageår, for barnehageåret 2022/2023 vil datoene bli fastsatt av barnehagens samarbeidsutvalg og opplyst om ved barnehageoppstart august 2022.

Dagsrytme

Grov oversikt over dagsrytme i barnehagen:

Midtbyen barnehage

Midtbyen barnehage
Klokkeslett Småbarn Storbarn
07.15 Barnehagen opnar Barnehagen opnar
08.00 Frukost Frukost
08.45 - 11.00 Frukosten blir avslutta. Aktivitetar og samlingar startar, både ute og inne. Barna blir delte inn i små grupper med spennande aktivitetar som fremmar til dømes språk, motorikk og sanseopplevingar. Frukosten blir avslutta. Aktivitetar og samlingar startar, både ute og inne. Barna blir delte inn i små grupper med spennande aktivitetar som fremmar til dømes språk, motorikk og sanseopplevingar.
11.00 - 12.00 Lunsj Lunsj
12.00 - 14.00 Hviling og soving. Dei barna som ikkje skal kvile eller sove får tilbod om aldersadekvate aktivitetar og opplevingar. Aktivitetar og samlinger både inne og ute. Vi held fram med spennande aktivitetar.
14.00 Fruktmåltid Fruktmåltid
14.30 Frileik Frileik
16.45 Barnehagen stenger Barnehagen stenger

Alle tider som er angitt over er ca. tider. På morgonen mellom klokka 07:30 – 08:30 er det òg frilek inne på basane våre. Vi gjer også merksam på at barna skal vera med å bestemme noko over dagen sin, derfor kan planane endrast.

Kontakt

Besøksadresse: Losgata 2, 6003 Ålesund

Verksemdsleiar: Haldis Gundersen

Styrar: Elisabeth Buer Thuseth, tlf. 70 16 31 20, e-post Elisabeth.buer.thuseth@alesund.kommune.no

Andre kontakter:

  • Storbarn: 409 06 614
  • Småbarn: 70 16 31 24 / 409 06 615 / 901 22 733

Adressa til denne nettsidaalesund.kommune.no/midtbyen-barnehage