Helseplattforma

Ålesund kommune koplet seg til Helseplattforma 28. april 2023. 

Vi koplet oss på fordi: 

  • Vi trengte ei ny felles elektronisk journalløysing som erstatta dei løysingane vi hadde brukt.      
  • Vi når det nasjonale målbildet «Ein innbyggjar – ein journal».      
  • Vi får betre samhandlingsløysing mellom dei ulike nivåa i helsetenestane, og reduserar risikoen for pasientskade.      

Kva er Helseplattforma?

Helseplattforma er ein ny, felles pasientjournal for heile helsetenesta i Midt-Noreg. Helseopplysningane dine har lagt i fleire ulike datasystem, som ikkje snakkar med kvarandre. Som pasient må du gjenta historia di kvar gong du møter ein ny person i tenesta. Med Helseplattforma vil du no få EIN journal, som skal følgje deg i alle møta med helsetenesta. At helsepersonell har tilgang til rett informasjon, til rett tid, samla på ein og same plattform, vil og auke pasienttryggleiken din.

Helseplattforma har laga ei eiga side, der du kan få meir informasjon:

Spørsmål og svar om Helseplattformen

Korleis kan eg få tak i pasientjournalen min?

Med Helseplattforma kjem også HelsaMi. Dette er den digitale inngangen din til helse- og omsorgstenester. ​Gjennom HelsaMi kan du mellom anna få oversikt over helseopplysningar, og ha dialog med helsepersonell.

Du kan bruke HelsaMi som ein eigen app, men du kan og logge inn på nettsida. 

Slik loggar du deg inn og bruker HelsaMi 

eller 

  • Logg inn på nettsida HelsaMi.no 
  • Du loggar på med sikker innlogging med ID-porten (til dømes Bank-ID). 

Du kan og få tilgang på vegne av andre som ønsker at du skal ha oversikt og høve til å kommunisere for deg. Det kan til dømes vere barna dine, eldre forelder eller andre du er pårørande til. 

Er det trygt?

HelsaMi er like sikkert som nettbanken. Du loggar deg inn med BankID, Buypass eller Commfides. Alle har tryggingsnivå 4, som er det høgaste tryggingsnivået.

Film om Helseplattformen

Helseplattforma skal binde saman heile helsetenesta i Midt-Noreg på ein ny måte.

Personvern