Universitetskommunen ÅlesundÅlesund kommune og NTNU i Ålesund har formalisert samarbeidet i ein Universitetskommuneavtale. Målet med avtalen er å sikre tilgang på relevant og oppdatert kunnskap og kompetanse som kommunesektoren treng. I 2020 formaliserte NTNU i Ålesund og Ålesund kommune samarbeidet gjennom ein Universitetskommuneavtale. Avtalen har to pilarar: Helse og velferd Smarte berekraftige samfunn Berekraft, digitalisering, simulering og nyskaping er tverrgåande tema i avtalen. Desse områda speglar delar av kommunens samfunnsoppdrag og kompetansebehov, samtidig som dei tar for seg delar av universitetets kompetanseområde og satsing. Målsetting med avtalen Avtalen er med på å bygge innovasjonskraft og auke forskinga innan offentleg sektor. Avtalen vil gje betre kunnskap og etter kvart betre tenester for innbyggarane. Samarbeid om innovativ bruk av teknologi og utvikling av kommunen. Fokus på berekraftige løysingar, digitalisering og bruk av teknologi for å effektivisere og utvikle tenestene. Hovudavtalen mellom Ålesund kommune og NTNU (PDF, 681 kB) inngått 5. mai 2020 Smart helse og velferd Du finn meir informasjon om prosjekt innan dette temaet på NTNU si heimeside Avtalen mellom NTNU i Ålesund og Ålesund kommune innan smart helse og velferd (PDF, 164 kB) inngått 30. januar 2020. Ulike prosjekt SVIP (studentveiledning i praksis) Helsedata-prosjekt KLUE (kliniske utdanningseiningar) Smarte berekraftige samfunn Avtalen mellom NTNU i Ålesund og Ålesund kommune innan smarte berekraftige samfunn (PDF, 893 kB) inngått 5. mai 2019 Ulike prosjekt Re-Value Sist endra 17.02.2023 10.42