Miljøfyrtårn

Når offentlege og private verksemder er miljøfyrtårn inneber det at dei har tatt et aktivt val om å ha eit berekraftfokus i kvardagen.

Arbeidet med miljøsertifisering er i dag ein sentral del av Ålesund kommune sitt interne miljø- og klimaarbeid, og samtidig ein viktig del av arbeidet med å stimulere til et klimavenleg næringsliv.

Kva er miljøfyrtårn?

Miljøfyrtårn er Norges mest brukte sertifiseringsordning for verksemder som ønsker å vise samfunnsansvar og dokumentere sin klima- og miljøinnsats. Miljøfyrtårn er eit anerkjent og effektivt verktøy for sertifisering og miljøleiing, som hjelp verksemder å lykkast med grøn omstilling. Miljøfyrtårnordninga blir drifta av stiftelsen Miljøfyrtårn.

Kom i gang med miljøfyrtårnsertifisering

Miljøfyrtårn passer for alle typer verksemder, frå små og mellomstore enkeltverksemder, til store konsern, kommunar og fylkeskommunar. Stiftelsen Miljøfyrtårn har utarbeidd over 80 bransjekriterium, som betyr at miljøfyrtårnarbeidet kan tilpassast rammene for den enkelte verksemd.

Lurer du på om det er noko for di verksemd? Les meir på Stiftelsen Miljøfyrtårn (miljofyrtarn.no)

Vesentleganalyse

Mange små og mellomstore bedrifter opplever at det er krevande å lykkast i berekraftig omstilling, og for enkelte kan det virke heilt uoverkommeleg. Kor skal ein starte? Kva er eigentleg vesentleg?

Miljøfyrtårn har i samarbeid med UN Global Compact lansert vesentlig.no. Ei nettside som vil kunne hjelpe di bedrift med å identifisere og prioritere vesentlege påverknader på miljø, arbeidsmiljø og samfunn.

Les meir om vesentlig.no

Vesentlig.no - Hjem

Ålesund kommune er miljøfyrtårnsertifisert

Ålesund kommune er miljøfyrtårn. Det blir arbeidd jamt med å sertifisere interne lokasjonar, og på sikt vil alle arbeidslokasjonane i organisasjonen vere sertfisert.

Kontakt

Miljøfyrtårnansvarleg Sonja Servan