Luftkvalitet

Lufta i Ålesund sentrum blir overvaka av to målestasjonar, ein ved Sjøgata og ein på Grimmerhaugen.

Kort fortalt

Undersøking av luftkvaliteten i Ålesund

Ålesund kommune og Statens vegvesen, Sunnmøre distrikt, samarbeider om å måle luftforureining og formidle informasjon om denne. Formålet er å gi innbyggarane informasjon om luftkvaliteten, og kva luftkvaliteten kan ha å seie for helsa til utsette grupper.

Luftkvaliteten i Ålesund no

www.luftkvalitet.info kan du sjå luftkvaliteten rundt målestasjonane i Ålesund by. Målingane skjer utan stans heile døgnet og informasjonen blir oppdatert automatisk kvar time.

Kva gjer kommunen når luftkvaliteten er dårleg?

Kommunen kan forby brenning av hageavfall og anna avfall. Det gjer at det blir betre luft der du bur. Les forskrifta om brenneforbodet.

Kva kan du gjere for betre luftkvalitet?

  • La bilen stå og bruke offentleg transport, som buss
  • Køyre fleire i same bil i staden for ein i kvar bil
  • Bruke sykkel eller gå
  • Unngå bruk av dieselbil, om du kan
  • Bruke piggfrie vinterdekk
  • Fyre riktig i vedomnen, med god lufttilgang og fullstendig forbrenning
     

Ansvarleg for tenesta