Kan du tenke deg å vere medlem i forliksrådet?

Som medlem får du eit unikt innblikk i rettssystemet og høve til å utvikle dine ferdigheiter innan konfliktmekling. 

Forliksrådet er det lågaste leddet i rettssystemet for sivile saker og speler ei viktig rolle i samfunnet. 

I møta deltek tre medlemmar/dommarar. Rådet handsamar sivile tvistar, slik som til dømes krav om betaling, gjeldskrav, tvistar om avtalar og i naboforhold. 

Rådet søkjer å løyse tvistar gjennom mekling, men kan avseie dom i nokre høve. Partane i forliksrådet må ikkje bruke advokat, men det er høve til det for den som vil.

For å vere med må du vere fylt 25 år, ha alminneleg god samfunnsmessig kunnskap, og meistre norsk skriftleg og munnleg. Du treng ikkje å vere busett i kommunen. Du må rekne med møte ca. 1 dag kvar uke og du får betalt for kvart møte du deltek i. Før oppstart planlegg Statens Sivilrettsforvaltning innføringskurs for nye medlemmar, og det er planlagt fysiske samlingar i 2025. 

Er du interessert?

Frist er 19. august. 

Meld di interesse

Om du har spørsmål om vervet kan du sende ein e-post til Namsfogden.Alesund@politiet.no.

Les meir om forliksrådet