Skjenketider i Ålesund

Gjeld for restaurantar, barar, pubar, nattklubbar og andre stader med skjenkebevilling.

Generelt

Skjenketida for alkoholhaldig drikk skal følgje skjenkestaden sine opningstider, men skjenkinga må avsluttast seinast ein halv time før staden skal stenge. Det kan aldri skjenkast alkoholhaldig drikk lengre enn til kl. 02.00.

Øl og vin

Skjenking av øl og vin (under 22 volumprosent alkohol) kan skje frå kl. 06.00 til kl. 02.00 alle dagar.

Brennevin

Skjenking av brennevin (mellom 22 og 60 volumprosent alkohol) kan skje frå kl. 13.00 til kl. 02.00 alle dagar.

Forskrift om opningstider for serveringsstader og sals- og skjenketider for alkoholhaldig drikk, Ålesund kommune, Møre og Romsdal - Lovdata

 

Ansvarleg for tenesta